Heim Nyhende Skattar skal fram i ljoset

Skattar skal fram i ljoset

Frå nyttår tek LNK og Framtida.no over ansvaret for ungdomsnettstaden Magasinett.no.

Ungdomsnettstaden Magasinett.no, som særleg har fokus på kultur, litteratur, skriveglede og debatt, vart etablert av LNK og Noregs Mållag for 15 år sidan. Norsk Plan har hatt ansvaret for drift av nettstaden fram til no. Sidan starten har Magasinett.no bygd opp eit rikhaldig arkiv av tekstar på nynorsk. Dette skal no meir fram i ljoset.

– Arkivet til Magasinett.no er ei gullgruve. Det er produsert veldig mykje bra på 15 år, slår prosjektleiar Svein Olav Langåker i Framtida.no fast. Frå nyttår har han også ansvaret for Magasinett.no.

Framtida.no er ei nynorsk nettavis for ungdom. Langåker meiner det er fornuftig at dei to nettstadene blir betre integrerte.

– Ein kan gjerne seia at Magasinett.no er ein nettstad for norskfaget i skulen, medan Framtida.no er tilpassa samfunnsfaga. Vi vil ikkje gjera store endringar på Magasinett.no i starten, men det er eit mål at nettstaden skal bli betre tilpassa til og meir brukt i skulen. Vi redigerer også nettstaden Lærarrommet (www.skule.origo.no), der lærarane kan få tips og råd om korleis dei kan ta i bruk Magasinett.no og Framtida.no i undervisinga. Vi håpar at ei tettare integrering av desse nettstadene vil gjera dei meir nyttige for skulane, seier Langåker.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...