I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner.
– At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn nynorsk er berre ufatteleg, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge i ei pressemelding.
I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett er løyvinga til Noregs Mållag føreslått kutta med 775 000 kroner. Mållagsleiaren er sjokkert, og kallar kuttet oppsiktsvekkjande.
– Vi har svært mykje ugjort på vegner av nynorsken. Noregs Mållag arbeider med store utfordringar for nynorsken knytt til mellom anna den digitale kvardagen og for nynorskelevane i skulen, seier Peder Lofnes Hauge.
I statsbudsjettforliket for eitt år sidan gjekk Arbeiderpartiet, Senterpartiet, SV, Raudt og MDG inn med ein heilt naudsynt million ekstra til Noregs Mållag. Medrekna reguleringa for prisvekst, er heile millionen no stroken.
– Her kastar regjeringa blår i auga på Mållaget, norsk språkpolitikk og nynorskbrukarane, men også på sitt eige parlamentariske grunnlag. No må budsjettpartnarane kjempe dette inn igjen. Det er ein frykteleg usympatisk måte å styre landet på, seier mållagsleiaren.









