Heim Nyhende Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast.

Dei siste femten–tjue åra har nynorsken styrkt seg og står støtt på fleire område i samfunnet. Det har aldri vore skrive meir nynorsk enn i dag, og den politiske, sosiale og kulturelle aksepten er større enn nokon gong.

Språklova frå 2022 slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk. Likevel vert lova brote dagleg. Offentlege verksemder nedprioriterer nynorsk, digitale løysingar har bokmål som standard, og nynorskelevane manglar både læremiddel på nynorsk og lærarar som har kompetanse til å drive opplæring i og på nynorsk.

Wales inspirerer

– Ein meir offensiv språkpolitikk er mogleg, heiter det i fråsegna frå landsmøtet.

Walisisk har i dag om lag like mange språkbrukarar som nynorsk. Regjeringa i Wales har sett seg eit mål om at 1 million menneske skal snakke walisisk innan 2050, og det er sett av fleire titals millionar kroner til tiltaket. Tiltaka er konkrete, prioriteringane er tydelege, og med økonomiske løyvingar og strukturelle grep gjer dei språket meir synleg og meir brukt i kvardagen. Dei har mellom anna endra standardinnstillingane i programvare frå Microsoft på pc-ar i skulen og det offentlege til walisisk.

– Noreg må la seg inspirere av Wales. Det er på tide at styresmaktene våre vågar å tenkje stort og nytt om språk. Heller enn å snakke om likebehandling av nynorsk og bokmål, må vi snakke om asymmetriske tiltak som favoriserer nynorsken, nettopp fordi det er det minst brukte språket. Nynorsken må få fordelaktige rammevilkår, slik at vi kan jamne ut det skeive tilhøvet mellom dei to norske skriftspråka, heiter det i fråsegna frå landsmøtet.

Vil ha tilbake demokratisk kontroll over språket

– Samfunnet vårt er allereie gjennomdigitalisert, og utviklinga skjer i eit veldig tempo. Dette får store følgjer for språkutviklinga i Noreg. Det er avgjerande viktig at norsk språkpolitikk blir styrt frå Stortinget, og ikkje frå hjørnekontor i California. Dei multinasjonale tekselskapa har allereie for stor påverknad på det norske språket. Dette er ikkje eit ansvar som kviler på kulturministeren aleine. Noregs Mållag meiner at Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Kunnskapsdepartementet i større grad må ta språkleg ansvar.

Mange norske elevar får lese- og skriveopplæringa si på datamaskiner utan fungerande nynorsk stavekontroll.

– Selskapa som leverer programvare tar ikkje dette på alvor. Det er uhaldbart, og i strid med lova. Det er på tide at staten stør opp om skriveprogram og anna programvare med open kjeldekode og god nynorsk stavekontroll. Slik sikrar vi nynorskelevane sine språklege og digitale rettar, heiter det i fråsegna.

Nynorsk kulturløft

Noregs Mållag etterlyser òg eit nynorsk kulturløft.

– Noregs Mållag meiner det neste år må løyvast minst 50 millionar kroner til tiltak for nynorsk språk, litteratur, media og kulturformidling. Det må vere eit prinsipp at nynorskinstitusjonane deretter skal ha minst 3,5 prosent av kulturdelen på statsbudsjettet. Slik kan regjeringa trygge den norske kulturarven og styrkje nynorsk som ein demokratisk fellesarena inn i framtida.

Språklova gjev styresmaktene mandat til ein slik politikk. Ambisjonane i lova må følgjast opp med handling.

Noregs Mållag meiner:

  • at regjeringa må legge fram ein handlingsplan for jamstilling mellom nynorsk og bokmål, med konkrete tiltak som aktivt favoriserer, fremjar og styrkjer nynorsken
  • at offisiell norsk språkpolitikk skal ha som ambisjon å auke talet på nynorskbrukarar
  • at regjeringa må legge fram ein plan for norskspråkleg digitalisering
  • at staten stør opp om initiativ som utviklar skriveprogram med open kjeldekode og god nynorsk stavekontroll til bruk i skulen
  • at det blir løyvd pengar over statsbudsjettet til eit nynorsk kulturløft
  • at staten utviklar eigne skriveprogram til bruk i skulen

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...

Lat Språkrådet vera Språkrådet

Landsmøtet i Mållaget er svært uroa for at ei samanslåing vil svekkja Språkrådet og vera til hinder for ei forståing av at språkarbeid er...

På møte med kunnskapsministeren for å styrka norskfaget

24. mars kalla kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun inn til eit ope møte «om å styrka norskfaget». Til møtet var Noregs Mållag invitert i lag med...