Heim Nyhende Snart får Idunn (25) Ivar Aasen på bankkortet

Snart får Idunn (25) Ivar Aasen på bankkortet

Voss Sparebank har lansert nettsida nynorskbanken.no og vekkjer åtgaum med spesialdesigna Ivar Aasen-bankkort.

– Eg gler meg veldig til å få kortet mitt og gå rundt med Ivar Aasen i lommeboka. Det var nok ikkje tvil om kva målform eg brukte før, men no vert det i alle fall ingen tvil.

Det seier Idunn Lavik (25) på telefon til Framtida.no.

Ho er journalist, utdanna via NRK sitt nynorsktiltak Nynorsk Mediesenter, og jobbar no som programleiar i NRK Dagsnytt.

Rask bestilling

Det var via Twitter at den utflytta vossingen først vart gjort merksam på at Voss Sparebank, der ho har vore kunde sidan ho fekk seg bank, hadde eit bankkort med Ivar Aasen-motiv.

– Eg trur aldri eg har trykt bestill på noko så fort i heile mitt liv, seier Lavik, som synest det er ekstra stas at det er naboen hennar heimanfrå som står for designet.

Per Finne har brukt eit bilete av Ivar Aasen, som han har fått frå Nynorsk Kultursentrum.

Dette er ikkje første gong nynorsk som bankspråk har vekt engasjement. Etter initiativ frå Øystein Hauge kasta Vipps seg rundt og lanserte nynorske kodeord i 2019.

«Smakleg fridom» er blant dei nye orda du kan få ved innlogging med bank-id på mobil. Foto: Eirik Tangeraas Lygre

Stolt banksjef

Banksjef i Voss Sparebank, Jørund Rong, forklarar at han sjølv har hatt eit pilotkort med Ivar Aasen i nokre månader, men at dei lanserte nettsida www.nynorskbanken.no i helga.

Banksjef i Voss Sparebank, Jørund Rong, er stolt over det nye bankkortet sitt. Foto: Voss Sparebank

– Det er ikkje ein eigen bank, men ei grein av Voss sparebank. Me er opptekne av å tilby banktenester på eiga målform og brukar mykje tid på det i kvardagen, at kundane skal få fullverdige banktenester på nynorsk, seier Rong på telefon til Framtida.no.

Han har ikkje tal på kor mange som har bestilt kortet endå, men fortel om positiv respons.

– Ser på nynorsk som fordyrande

Banksjefen meiner det ikkje alltid er like enkelt å sikra nynorsken i banknæringa. Mykje av informasjonen er skriven på engelsk. Dersom det finst på norsk, er det på bokmål.

– Når me etterspør ting på nynorsk vert me møtt med argumentet om at det er fordyrande. Næringslivet ser på nynorsk som fordyrande, men me ser på det som verdiskaping og ein positiv ressurs, understrekar Rong.

Han er ikkje i tvil om at det er ein marknad for nynorske banktenester.

– Det er heilt naturleg for oss, og me kjem til å halde fram med det. I tillegg vurderer me noko me kallar nynorskprisen og har allereie sikra oss nettadressa nynorskprisen.no, avslørar banksjefen.

Leiar i Noregs mållag, Peder Lofnes Hauge. Foto: Privat

Mållagsleiar i fyr og flamme

Twitter-meldinga der leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, har delt nyheita om Ivar Aasen-kortet har vekt mykje engasjement.

På telefon til Framtida.no fortel mållagsleiaren at han synest nynorskbanken og det nye Ivar Aasen kortet er stileg.

– Det er veldig kjekt å sjå bedrifter som har eit så bevisst forhold til språk og identitet og vågar å bruke nynorsk i marknadsføringa av produkt og tenester som dei tener pengar på, seier han, og legg til:

– Så er det ekstra kult at dei gjer det innanfor ein sektor som kanskje ikkje er så prega av nynorskdominans.

Lofnes Hauge er overtydd om at nynorsk er eit like bra språk i banken, som for bedrifter som sel ost og lokalprodusert mat.

– Eg trur mange vil setja stor pris på at dei vågar å ha ei så bevisst marknadsføring, så får me håpa andre bankar heng seg på og viser at nynorsk er eit like bra bankspråk som bokmål, avsluttar han.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...