Heim Nyhende Sommarsnakk med Edmund Austigard

Sommarsnakk med Edmund Austigard

Han skriv underfundige bøker om originale menneske. Hans tredje roman, Solskinnsbussen, kjem ut i god tid før han i byrjar i jobben som forlagsdirektør i Samlaget.

 

Namn: Edmund Austigard

Alder: 47 år i september

Yrke: Leiar (nå av Den norske Bokdatabasen as), forfattar og økonom

Bruker sommaren til: Det er tid for å bade familien, og ete bær. Der det fins flatar, blir det nok fotball. Lange matøkter og vonleg nokre regnversdagar der bekkjene fløymer og høgtlesinga tar over. Me reiser utanlands og skal i tillegg opp i Ryfylkeheiane, til Kaldavatnet. Fiske aure og hente blåbær. Og til sist, eitt av sommarens høgdepunkt, bringebær frå Mette Ingvaldstad i Årdal. Betre kan det ikkje bli. Heile Hjelmeland, ja Ryfylke, bugnar jo av bær, så her er det berre å meske seg.

Eit godt sommarminne: Eit ferskt og klassisk frå helga som var, me var i Sandefjord. Heile familien sat i ein grasbakke og åt vidle jorbær, og etterpå fiska me krabbe frå ein gammal trepir. Etter veker med regnver, kjendes det sjølvsagt ubehageleg lyst og varmt med blank sol, men det gjekk det òg.

Når byrjar du som forlagsdirektør i Det norske samlaget? Det er ikkje avklart, men seinast i januar 2012.

Kva trur du om den nye jobben? Det blir utfordrande, men fantastisk kjekt å jobbe med nokre av landets beste forfattarar. Bokbransjen står midt i store endringar, så det blir nok også nokre tøffe tak.

Kva kan du tilføre Samlaget? Eg brenn for litteratur, nynorsk og lesing, eg trur det er viktig. Det er for tidleg for meg å seie om det behov for større endringar, men utvikling av forfattarskap tar tid, eg tenkjer derfor at at eg som ny leiar må bidrar til arbeidsro så raskt som muleg.

Det har vore litt turbulent i Samlaget den siste tida. Kva tenkjer du om det? Nå er det tid for å sjå framover. Samlaget har ei stolt historie, ein særs kompetent stab, nokre av landets viktigaste forfattarar, svært mange unge og lovande forfattarar og lesarar som ventar på nye bøker.

Kjem det fleire bøker frå din penn? Jobbar du med noko nå? Solskinsbussen, ein ny roman, er alt klar og kjem ut i god tid før eg tar til i Samlaget. Deretter takkar eg av som forfattar på Samlaget, og får gleda av å jobbe for andre sine forfattarskap i staden.

Kor viktig er språket for deg? Det er svært viktig, og forteljingane me fortel er kanskje det viktigaste uttrykket for vår identitet. Derfor er nærleiken til det språket eller målet me uttrykkjer oss på viktig. Eg tenkjer at om avstanden blir for stor, vil kanskje noko av nerva i forteljinga forsvinne. Eg trur det er hovudgrunnen for at nynorsken står så sterkt i Rogaland, og ikkje minst oppover Vestlandet. Og derfor blir det ofte svært god litteratur av desse forteljingane.

Kvifor har du vald å skrive på nynorsk? Det var naturleg for meg, det ligg nær dialekta, og det fangar det som er mitt på ein langt betre måte enn bokmål. Me elskar engelske tekstar om kjærleik, men synes dei blir banale omsett til norsk. Det kan ikkje vere anna enn avstanden mellom oss og forståinga av engelsk som er grunnen, tenkjer eg. Så målet vårt skal ingen kødda med.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Språkrådet og språkdirektør Åse Wetås meiner den nye læreplanen kan svekkje den samla norskkompetansen til elevane. Foto: Moment Studio/Språkrådet

Ny opplæringslov heng ikkje med i tida

Framlegget til ny opplæringslov stiller krav om at skriveprogram i skulen skal fungera like godt på nynorsk og bokmål. Men kvifor er det framleis...

Mellom appar og bærbare skjermar heve nynorsken mista sin heim

Kunnskapsdepartementet er asfalten nynorske løvetannbarn må sprenge seg gjennom. Alle norske elevar har lenge hatt rett til læremiddel på eige språk, men tida der eit...

Velkommen til landsting og 30-årsjubileum for LNK!

Me har gleda av å invitera dykk til landsting, årsmøte og 30-årsjubileum i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. I år vert landstinget halde på Quality Sogndal...

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...