Heim Nyhende Sommarsnakk med Mariell Øyre

Sommarsnakk med Mariell Øyre

Hjartesmilbloggaren finn språkleg inspirasjon i alt frå film og bilete til Frode Grytten.

Namn: Mariell Øyre

Alder: 20

Yrke/driv med: studerar kunstfoto, er redaktør og bloggar på Hjartesmil

Skal bruke sommaren til: å lesa bøker på ein grasplen i Ungarn, drikka rosévin og passa på min nyopererte far.

– Kvifor bloggar du?

– Det er fint med ein plattform der ein kan uttrykka seg utan å ha noko filter anna enn seg sjølv, der eg kan skriva om alt eg vil og få det publisert umiddelbart, der eg kan få feedback på bilder og idéar til magiske ting.

– Du bloggar på nynorsk. Kva stimulerer språket ditt?

– Eg har eit ganske flytande nynorsk, veldig munnleg og eg bryr meg ikkje så veldig om kva som er rett og gale ifølgje ordbøkene så lenge det høyres rett ut i hovudet. Derfor kjem det kanskje ikkje som ei stor overrasking at Frode Grytten er ein av mine største inspirasjonskjelder, og eg skulle av og til ønska han kunne sitta på ein stol ved pulten min heile dagen og berre skriva og ved slutten av dagen fekk eg lesa og ha alt for meg sjølv. Eg er oppteken av å ha eit tilgjengeleg språk som ikkje er vanskeleg å lesa for folk som ikkje er fra område der dialektane ligg nær nynorsk. Ellers ser eg ord og inspirasjon i alt, ikkje berre bøker. I film og i bilete og i dusjen og under føtene, det er ganske fint sånn sett.

– Stiftinga Fritt Ord har nyleg bestemt seg for å gi 2,5 millionar kroner til norske bloggarar. Kva synest du om det?

– For meg personlig er det desverre ikkje så stort sidan Fritt Ord nok ikkje er så interesserte i kva eg gjorde i parken sist fredag eller kor forelska eg er. Men eg syns det er bra at bloggverda endeleg blir anerkjent som noko anna enn produktplassering og skattetrøbbel og at det blir sett fokus på den delen av bloggverda som jobbar med viktige emne.

– Kan du anbefale eitt par gode bloggar? Kva er bra med dei?

– http://martotopia.blogg.no – raudprikka bergensjente som skriv om second hand og vintage og om å finna glede i botnen av tekoppar og hylleblomstsaftflasker. Også skriv ho på nynorsk, da.

http://kvalogactionfilm.blogspot.com/ – to venninner som bloggar saman som nylig har blitt gjenforent etter at Heidi(nynorsk) har budd lenge i Paris og Caroline(bokmål) i Oslo. Handlar om å tryna på sykkel fordi ein har kjærleikssorg og om å sova i skei. Og veldig mykje anna.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...