Heim Nyhende Språkprofessor spår nynorsk som landsdelsspråk

Språkprofessor spår nynorsk som landsdelsspråk

Språkforskar Arne Torp spår at nynorsken i framtida vil forsvinne frå det nasjonale pensumet, men vil leve vidare som eige landsdelsspråk i kjerneområdet.

– Eg er ikkje veldig optimistisk når det gjeld nynorskbruken på landsbasis i Noreg i framtida. For å vera ærleg vil det overraske meg svært om det framleis er obligatorisk opplæring i nynorsk over heile landet i den norske skolen om hundre år, seier Torp til Gudbrandsdølen Dagningen.

Torp er førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo, og gjester Norsk Litteraturfestival onsdag. Der deltek han i ei open samtale om temaet er «Norsk språk om hundre år» der framtida for nynorsken er av dei spørsmåla Torp vil reflektere rundt.

– Motivasjonen manglar
– Eg liker ikkje å spå, men dersom eg må, innrømmer eg at eg ikkje er optimistisk på vegner av nynorsken, fordi motivasjonen for å lære dette skriftspråket manglar over store delar av landet.

Det finst ingen situasjonar der ein kan argumentere for at ein kommuniserer betre med nynorsk enn bokmål. Samtidig er det rett og slett ganske få som alt i dag er i stand til å skrive korrekt nynorsk. Det har vorte eit akademisk overklassefenomen. Innanfor språkutvikling er ikkje dette eit godt teikn, historisk sett, seier Torp.

Sjølv brukar han gjerne nynorsk som skriftspråk, men seier at det ikkje lèt seg oversjå at bruken generelt i landet avgrensar seg på fleire samfunnsområde.

Landsdelsspråk
– Nynorsken står framleis sterkt blant interesserte innan skjønnlitteratur, men i næringslivet, for eksempel, bryr dei fleste seg katten om nynorsk. Likevel, og heldigvis for målrørsla, spår Torp at nynorsken vil stå ved lag. Men berre nokre stader, rett nok.

– Om eg må synse, trur eg vi alt ser konturane av eit sannsynleg framtidsscenario, nemleg at nynorsken vil bli eit eige landsdelsspråk for kjerneområdet i distrikt på Vestlandet. Det kan tenkjast sannsynleg at vi vil få et eige, avgrensa språkfellesskap av den typen dei har i Belgia, seier Torp til Gudbandsdølen Dagnignen. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...