Heim Nyhende Stamvegstatus bra for Diktarvegen

Stamvegstatus bra for Diktarvegen

Når rv13 no får stamvegstatus, er det med og gir eit løft til Diktarvegen, seier leiar i styringsgruppa til Diktarvegen, Arne Kleppa.

I Nasjonal Transportplan 2010 – 2019 som vart lagt fram 13. mars har riksveg 13 fått stamvegstatus.

– Eg har tru på at stamvegstatus for rv13 er ein sterkare garanti for at vegen får meir pengar, og meire pengar gir betre vegar, noko som igjen fører til at vegen vil bli meir brukt, seier Kleppa.

At ein veg blir klassifisert som stamveg tyder at den skal få same standard som ein riksveg, det vil seie at den mellom anna skal vere brei nok til å ha gul stripe i midten.

Ein samanhengande rv13-streng med lik standard heile vegen er eit godt utgangspunkt, meiner leiaren for styringsgruppa.

– Mykje står att, mellom anna på finansieringssida, før prosjektet Diktarvegen kan realiserast, men dette var eit puff i riktig retning.

Relaterte saker:
Riksveg 13 kan bli diktarveg
Rv 13 – ei litteraturrute
Diktarvegen får skrivarhytte

Fakta om Diktarvegen

* Diktarvegen skal gå frå Jæren i Rogaland, via ryfylke, Hardanger, Voss og Sogn og ende i Sunnfjord i Sogn og Fjordane.
* Prosjektet har som mål å bli den første litteraturruta i Noreg.
* Fem forfattarar frå plassar kring rv13 skal syne att i Diktarvegen: Jakob Sande, Per Sivle, Olav H. Hauge, Rasmus Løland og Arne Garborg.
* Ein eigen konferanse om Diktarvegen blir arrangert i Ulvik 15. og 16. april 2009.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...