Heim Nyhende Storsatsing på norsk fagspråk

Storsatsing på norsk fagspråk

Språkrådet gler eg over at regjeringa styrkar satsinga på fagspråk.

Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet løyver to millionar kroner kvar, altså fire millionar kroner til saman, til oppretting av ein nasjonal termportal ved Universitetet i Bergen. Termportalen skal styrka norsk fagspråk og gjera kvalitetssikret norsk fagterminologi lettare tilgjengeleg for fagfolk og legfolk.

– Det er svært gledelege nyheiter for norsk fagspråk at det no er sett av middel til videreutvikling og drift av denne nasjonale portalen for terminologi, seier Språkrådetsdirektør Åse Wetås i ei pressemelding.

Engelsk dominerer enkelte fagfelt i Noreg, og det finst ikkje norsk fagspråk på alle fagområde. Ei styrking av norsk fagspråk vil komma brukarar av fagkunnskap i arbeidslivet, i universitetssektoren, i politikkutforming og i samfunnet generelt til gode.

To millionar til Standard Norge

Kulturdepartementet løyver òg to millionar kroner til Standard Norge for at viktig terminologi i norske standardar skal bli omsett til norsk.

– Vi veit at norsk er arbeidsspråket i dei aller fleste sektorane i arbeidslivet, og då er det svært viktig at termane som blir brukte, er på norsk, seier Åse Wetås.

Meir til lærebøker i høgare utdanning

Kunnskapsdepartementet styrker òg tilskotsordninga for lærebøker i høgare utdanning med fire millionar kroner.

– Tilgang til oppdaterte norskspråklige læremiddel er heilt avgjerande for norsk fagspråk. At pensumlitteratur finst på norsk, er viktig for studentane og sikrar gode levevilkår for norsk fagspråk, seier Åse Wetås

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...