Heim Nyhende Stort fleirtal for storkommunar

Stort fleirtal for storkommunar

Men enno fleirtal mot kommunesamanslåing i småkommunane.

 

I ei ny meiningsmåling svarar 52 prosent at dei er positive til kommunesamanslåingar. Berre 27 prosent seier dei er negative.

Det viser ei undersøking meiningsmålingsbyrået Respons har gjort for Bergens Tidende om endringar i kommunestrukturen. 21 prosent av dei spurde seier dei ikkje har gjort seg opp noko meining i saka.

Heile 53 prosent svarar at dei er positive til samanslåing i sin eigen kommune.

– Dette er ei gledeleg tilbakemelding frå innbyggjarane. Og det stemmer godt overeins med det inntrykket eg har etter å ha reist Noreg frå nord til sør og aust til vest. Eg opplever at innbyggjarane er opne for den prosessen som er sett i gang. I dag bur folk i ein kommune, arbeider i ein annan og handlar i ein tredje. Kommunane har vakse ut av grensene vi har i dag, seier kommunalminister Jan Tore Sanner (H).

Regjeringa planlegg å leggja fram ein samla proposisjon til Stortinget om ny kommunestruktur våren 2017. Det blir teke sikte på at samanslåingane skal vera sette i verk seinast frå 1. januar 2020.

Men meiningsmålinga viser også at regjeringa har ein del å arbeida med. Blant innbyggjarar i kommunar med under 10.000 innbyggjarar er det framleis eit knapt fleirtal mot samanslåing.

Folk er også skeptiske til hovudargumentet til regjeringa om at større kommunar vil gje eit betre tenestetilbod til innbyggjarane sine. Her svarar 33 prosent at dei ikkje trur det blir noko endring, medan 29 prosent trur tenestetilbodet blir dårlegare. Berre 26 prosent trur det blir betre.

– Dette viser at argumenta frå sentralt hald ikkje har nådd gjennom endå, seier Thore Gaard Olaussen i Respons. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...