Heim Nyhende Thor Gjermund Eriksen er tildelt Målblomen

Thor Gjermund Eriksen er tildelt Målblomen

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen er tildelt Målblomen frå Noregs Mållag. 

– Vi veit kor viktig det er med sjefar som heiar fram nynorskbruk, og som stiller krav når det trengst. Thor Gjermund Eriksen har hatt drivkraft og gjennomføringskraft for å få resulat for nynorsken, og det fortener ein Målblome, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. 

Det var overrekking av Målblomen på opningsdagen på landsmøtet i Noregs Mållag. Tildelinga vart møtt med ståande applaus frå landsmøtesalen.  

Oppdraget frå Stortinget seier at NRK skal spegle samfunnet. Dette inneber både å utvide og å syne fram mangfaldet i Noreg, og såleis også ta i bruk og syne fram nynorsken. Dette mangfaldsoppdraget er eitt av dei viktigaste for ein allmennkringkastar, og det samfunnsoppdraget har Thor Gjermund Eriksen teke på alvor. 

– Der andre har falle for freistinga å gøyme vekk målet om nynorsk, har Thor Gjermund Eriksen sett målet øvst på arket. Han har brukt sjefsmakta og synt at god språkbruk er eit leiaransvar, seier Peder Lofnes Hauge. 

– Som kringkastingssjef har han sørgt for å vere oppdatert og orientert om språkarbeidet, og forankra planar i toppleiinga, i divisjonane og hjå redaktørane sine, seier Peder Lofnes Hauge. Dermed har vedtak av handlingsplanar for språk blitt til operasjonell plan og ført til praktiske tiltak i redaksjonane.

Dette har gjeve resultat. Gjennom fleire år har bruken av nynorsk og dialekt auka, og i 2019 kom meldinga: NRK nådde over 25% nynorsk, samla sett, i radio, TV og på nettsidene. I 2020 gjekk talet litt ned, men i 2021, 50 år etter vedtaket i Stortinget, hadde NRK igjen over 25 % nynorsk. 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...