Heim Nyhende Valle går for nynorsk

Valle går for nynorsk

Kommunestyret i Valle kommune i Setesdal har vedtatt at også dei vaksne innvandrarane skal få nynorsk opplæring.

– Eg vil få gratulere Valle kommune med at dei er neste kommune i rekkja som går inn for å gi vaksne innvandrarar opplæring i nynorsk. Det vil styrkje integreringa deira i lokalmiljøet og gi dei gode kunnskapar i norsk – også om dei seinare skulle flytte til andre stader i landet, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

– Med nynorsk i opplæringa vil valldølane med utanlandsk bakgrunn få eit ekstra godt grunnlag for skule og arbeid i Noreg.

Ordføraren: – Naturleg

Ordførar Steinar Kyrvestad (Ap) seier til LNK.no at som ein nynorskkommune, er det òg naturleg at dei har nynorsk som opplæringsmål for dei vaksne innvandrarane.

– I høve til folketalet har me tatt i mot mange flyktningar. Me har kring 48 flyktningar til ei kvar tid, fortel han. Kring 80 flyktningar har no budd meir enn fem år i kommunen, fortel han.

Ordføraren håpar no nynorskopplæringa kjem i gang så rakst som det er praktisk mogleg.

43. kommune
I strategiplanvedtaket til Valle kommune står det: «Målforma i opplæringa i norsk/samfunnsfag i introduksjonsprogrammet skal vere nynorsk. Når barn og foreldre har lik målform, vil foreldre lettare kunne bli involvert i barna sin skulekvardag. Likeins vil det å lære nynorsk kunne vere eit pre i høve flyktningane som må byrje eit nytt utdanningsløp i Noreg, både grunnskuleopplæring for vaksne – og seinare vidaregåande skule. Nynorsk er obligatorisk både i grunnskulen og på vidaregåande skule. »

Valle er den 43. kommunen som har gjort vedtak om eller har gått over til nynorskopplæring for vaksne innvandrarar. Valle kommune er fyrst ute med å gå over til nynorsk på Agder.

Les meir om nynorsk for vaksne innvandrarar her!

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...