Heim Nyhende Variert program

Variert program

Konsertar med Sigvart Dagsland, Steinar Albrigtsen og Valkyrien Allstars, sju arrangement om språk, åtte arrangement for born og dusinet fullt med forfattarar er litt av programmet for Dei nynorske festspela i juni.  

– Publikum får fleire opplevingar på kortare tid, og fleire artistar og forfattarar presenterer nye plater eller bøker, seier programansvarleg Åshild Widerøe i ei pressemelding.
 
Dei nynorske festspela har i år reise som tema, og blir arrangerte i Ørsta og Volda frå torsdag 24. juni til søndag 27. juni. Programmet inneheld meir enn 40 arrangement.
 
– Vi fortettar Festspela til fire dagar for å lage ein endå betre festival og for at publikum skal få høve til å få med seg meir når dei først er komne, seier Widerøe. 
 
I år er det Rønnaug Kleiva som er festspeldiktar, ho får blant anna med seg Aino Basso, Sigrid Merethe Hanssen, Marit Kaldhol, Hilde Kvalvaag, Olaug Nilssen og Maria Parr på programmet. 
 
Kvar kveld blir det store konsertar på den unike utescena i Aasen-tunet. Steinar Albrigtsen presenterer for første gong ei plate med norske tekstar, og det gjer han saman med Monika Nordli på opningskonserten ”Dobbelt norsk” torsdag. Også ho kjem med nytt stoff til denne konserten der alt er på dialekt og nynorsk. I tillegg kjem Valkyrien Allstars.
 
For første gong held Sigvart Dagsland konsert på Dei nynorske festspela, Dagsland kan du også få med deg i samtale med sin eigen biograf Olaug Nilssen.

Les programmet her.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...