Heim Nyhende Vekst i søkjartala

Vekst i søkjartala

Søkjartala til Høgskulen i Volda har auka med 10 prosent samanlikna med 2009.

– Vi har fått ein stor auke i søkinga til bachelorutdanningane innan kulturfag, spesielt innan musikk og drama. Dette er også eit viktig satsingsområde for Høgskulen i Volda, og medan andre høgskular legg ned desse faga, styrkjer  vi faga – noko som er viktig for samfunnet, for kulturskulane og for skuleverket, seier rektor Jørgen Amdam til høgskulen sin eigen nettstad.

 Amdam legg vekt på at nedgangen i talet på søkjarar til medieutdanningane er lågare enn den er nasjonalt. På Høgskulen i Volda er nedgangen i søkjarar til mediefag 5 prosent.

– Men vi har meir enn dobla søkjartala til Bachelorgradssstudiet i PR, kommunikasjon og media, seier Jørgen Amdam.

Talet på søkjarar til grunnskulelærarutdanninga er stabilt, medan ein har hatt ein liten nedgang i søkjarar til førskulelærarutdanninga. I 2010 har Høgskulen i Volda over 3500 studentar. Dette er ei auke på omlag 1500 studentar på ti år.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...