Heim Nyhende Vi som blei gløymt

Vi som blei gløymt

Trur du alle får i valkampen? Neidå!

Eg har eit problem med årets valkamp.

Tilsynelatande har det vore ein fin valkamp der det meste har gått etter planen. Det meste har vore som i dei fleste andre valkampar:

Kommunaldepartementet og statsråd Magnhild Meltveit Kleppa har sparka i gang ein kampanje som skal få folk, og spesielt ungdom, til å stemme. Som vanlig er det ein kampanje med humor, sjølv om mykje tyder på at humor er eit ord Meltveit Kleppa må slå opp. I år er det den svært blide nordnorske skøyaren Truls Svendsen som er frontfigur i ein serie filmane der han bytter trøyer, mister trøyer og skvett av eksplosjonar. Om ikkje eingong ein skvetten nordlending i bar overkropp får folk til å stemme, då er alt håp ute for demokratiet.

Partia har halde pressekonferansar og fortalt kva dei er for. Også denne gongen er det ganske mykje. Også denne gongen har dei prøvd å vise  kva dei er for på overtydelige måtar. Navarsete har tatt tog. Siv Jensen har delt ut billig bensin. Høybråten har sikkert også sagt noko. Og FrP og Ap har krangla om kven av dei som er best på å vere for ein verdig eldreomsorg. FrP meiner dei er best, fordi dei vil ha ein eigen eldrestatsråd. Alt tyder jo på at ein ny ministertittel løyser det meste. Berre sjå kor mykje fornying vi har fått takka vere Heidi Grande Røys. Ap meiner dei er best, fordi dei kjenner Gro Harlem Brundtland.

Altså ser det ut til at politikarane gjer alt dei kan for å sørge for at både unge og gamle og middelaldrande får akkurat det dei vil ha. Dei unge får ein skvetten nordlending. Dei gamle får ta på Gro Harlem Brundtland. Dei middelaldrande får bensin.

Fint for dei, sjølvsagt.

Men kva med oss andre? Vi som ikkje er verken unge eller gamle eller har bil? Skal ikkje vi få noko? Kva gale har vi gjort? Kva har dei å tilby oss? Betre miljø? Det får ikkje vi mykje glede av i vår tid. Er vi ikkje viktige nok vi då?

Ingen prøver å vinne oss. Ingen bryr seg om oss som er passelig gamle, har det greitt og er i jobb. Det skulle ikkje forundre meg om vi utgjer fleirtalet i dette landet. Vi som ikkje har bil er kanskje ikkje fleirtalet, men betyr det at vi er mindre viktige? Burde ikkje vi få noko, som takk for at vi sparer miljøet? Eit kontantbeløp fordi vi lar vere å køyre bil, for eksempel? Elles ser eg ikkje heilt kvifor eg skulle halde fram. Kva i all verden skulle hindre meg i å kjøpe ein bil og la han stå på tomgang ute i gata heile tida? Hæ?! Ingenting! Men gjer politikarane noko? Tilbyr dei meg noko? Har dei halde pressekonferanse for oss? Har vi fått ta på Gro Harlem Brundtland? Eg har ikkje sett ein einaste kampanje med humor tilpassa alle oss som er passelig gamle, har det greitt og er i jobb. Kva gale har vi gjort? Er vi ikkje like bra som dei gamle, kanskje? Kva er det med dei som gjer dei så viktige? Dei sitt jo berre der og syt over at musikken på Nitimen har blitt så bråkete i det siste og at alle snakkar for fort. Og barna? Og ungdommen? Dei har jo heile livet framfor seg. Er ikkje det nok? Burde dei ikkje vere fornøgde med det? Eit liv? Er ikkje det nok?

Alle andre får. Vi passelig gamle som har det greitt får ingenting. Kvifor skulle eg gidde å stemme? Gi meg ein grunn.

Eg sitt her. Eg følgjer med. Eg ventar.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...