Heim Nyhende – Viktig å formidla på nynorsk

– Viktig å formidla på nynorsk

Statssekretær Magnus Thue i Kunnskapsdepartementet fortel at Lesesenteret tar grep for å få meir nynorsk materiell gjennom Leseløyper.

Barnehageundersøkinga til Pirion og Landssamanslutninga av nynorskkommunar viser at fleire av dei mest brukte språkstimuleringspakkane i barnehagane i nynorskområde ikkje finst på nynorsk.

Vil departementet gjere noko for å sikre at desse pakkane òg kan kome på nynorsk, til dømes gjennom støtteordningar eller krav?

– Nynorsksenteret er eit ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa og barnehagen, og er underlagt og finansiert av Kunnskapsdepartementet. På deira heimesider kan ein finne ressursar for barnehagetilsette som tips om gode tekstar og nynorskbøker, songar, dikt og musikk, idear, fagstoff og artiklar om blant anna nynorsk språkstimulering i barnehagen. Eg oppmodar barnehagetilsette til å dra nytte av desse ressursane. Også i den nasjonale strategien Språkløyper er begge målformer representerte. Lesesenteret har fått ansvaret for å drive denne viktige strategien, dei tar nå grep for å heve andelen på nynorsk i materialet. Elles vil eg sjølvsagt oppmode dei som utviklar til dømes språkstimuleringspakker, om å utvikle dei på begge målformer, og det er likeeins viktig at barnehagar og eigarar etterspør ressursar på nynorsk, seier statssekretær Magnus Thue i ein epost.

Undersøkinga viser òg at dei nynorske barnehagane syng og les meir på bokmål enn på nynorsk. Kva kommentar har departementet til dette?


– Det er viktig at språkarbeidet i barnehagen stimulerer utviklinga av det munnlege språket til barna, og i nynorskbarnehagar vil det vere naturleg at songar og andre tekstar blir formidla på nynorsk. Viss det ikkje skjer, kan det ha å gjere med bevisstheit hos dei tilsette, men óg om for dårleg tilgang på nynorske tekstar.

At det finst to variantar av skriftspråket norsk, er ikkje tematisert nokon stad i utkastet til ny rammeplan for barnehagane. Vil den ferdige rammeplanen ta opp dette?


– Dei to målformene nynorsk og bokmål er ikkje tematisert i den nye rammeplanen, men det er dei heller ikkje i gjeldande rammeplan. Bokmål og nynorsk er jamstelte skriftlege målformer. I grunnskolen og i vidaregåande opplæring skal elevane lære å lese og skrive både bokmål og nynorsk. Dette er ikkje tilfelle i barnehagen.

I kva grad kan den nye rammeplanen vere med på å passa på at barn i nynorske kommunar blir eksponert for nynorsk i barnehagane?


– I forslaget til ny rammeplan slår ein fast at barnehagen skal anerkjenne språket og kommunikasjonsuttrykket til barna og verdsette mangfald. Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, og alle barn skal få delta i aktivitetar som fremmer kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling. Barnehagen skal bidra til at barna får utforske og utvikle språkforståinga si, språkkompetanse og eit mangfald av kommunikasjonsformer og møte ulike språk, språkformer og dialektar gjennom rim, reglar, songar, litteratur og tekstar frå samtid og fortid. Om det er naturleg at barn blir eksponert for skriftspråk, vil ein måtte vurdere lokalt, avsluttar Thue i eposten til Pirion.

LES OGSÅ: Ungane skal bada i ord

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...