Heim Nyhende Vil endre vallova

Vil endre vallova

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete føreslår at folk som ikkje ønskjer å stå på politiske vallister skal få sleppe det.

I dag kan kven som helst førast opp på ei partiliste, og ein har plikt til å stille med mindre ein vel å melde seg inn i eit anna parti. No føreslår kommunal- og regionaldepartementet ei endring i vallova som gjer at du kan be om fritak viss lista du vert sett opp på står for ein politikk som strir mot din eigen, utan at du treng melde deg inn i eit anna parti.

Vidare føreslår departementet at listekandidatar ikkje skal sitje i stemmestyret eller delta i aviklinga av valet på valdagane. Dette er for at veljarane skal føle seg trygge på at folk i valstyra ikkje er partiske.

Eit ytterlegare forslag er at valurnene no skal bli forsegla på valdagen, ikkje berre i samband med førehandsrøysting som i dag.

Desse forslaga til endring av vallova er komne opp etter at OSSE, Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa, observerte og vurderte norsk valpraksis i 2009. OSSE har også bede om at praksisen med fordeling av mandata mellom dei ulike valkrinsane blir vurdert, men det blir ikkje gjort i denne omgang. Berekninga som ligg til grunn for fordelinga i dag tek omsyn til representasjon knytt til både geografi og politikk.

– Det har vore semje i norsk politikk om at distrikta høvesvis skal vere sterkare representert enn meir sentrale strok. Grunngjevinga finn vi i politiske, kulturelle og næringsøkonomiske tilhøve. Innbyggjarane skal bli høyrde uavhengig av kvar dei bur, seier Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.

Vallova seier at skal det gjerast nye mandatberekningar kvart åttande år for å fange opp endringar i busettingsmønsteret. Neste berekning vil skje våren 2012, altså før stortingsvalet i 2013.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...