Heim Nyhende Vil fjerne sidemålsstilen

Vil fjerne sidemålsstilen

 

 

Det er på tide å fjerne sidemålsstilen, meiner adjunkt og norsklærar ved Ringerike videregående skole, Ane-Lin Strømholm.

– Eg er lei av at sidemålstilhengarane og målfolket kan forsvare sidemålsstilen med usaklege argument utan at nokon reagerer, medan me norsklærarar som er imot sidemålsstilen ikkje kan seie noko i det heile utan å bli sett på som svikarar og mindre forstandige menneske, skriv Strømholm i eit lesarbrev i Aftenposten.

Ho viser til at ho fekk sjokk då ho leste pensum i språkdidaktikk i masterstudium i norskdidaktikk.

– Ein del av pensum var eit heilt kompendium som innhehaldt artiklar som skulle forsvare sidemålet eller nynorsken sin eksistens i skulen, skriv ho.

– Eg har til dags dato ikkje snakka med nokon, verken venner, familie eller tidlegare elevar, som har hevda at dei har hatt bruk for nynorsken dei ein gang lærte. Unntaket må vere dei som har blitt norsklærarar eller journalistar i ei avis på Vestlandet. Resten av befolkninga har gløymt sine nynorskkunnskapar nettopp fordi dei ikkje har hatt bruk for dei.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...