Heim Nyhende Vil ha breiare nynorsklitteratur

Vil ha breiare nynorsklitteratur

Forfattar Ingelin Røssland (35) meiner nynorsk barne- og ungdomslitteratur er for snever. – Kanskje har nynorsklitteraturen blitt for flink, undra ho seg under paneldebatten på LNK sitt landsting i Suldal.

– Problemet for nynorsk barne- og ungdomslitteratur er at viss det blir gitt ut 50 barne- og ungdomsbøker i løpet av eitt år, så kjem det ut 500 på bokmål. Bokmålslitteraturen er breiare og femnar meir om populærkulturen. Vi treng fleire popkulturbøker på nynorsk som “Dystopia” av Terje Torkildsen, slo Røssland fast.

– Vi treng den breie litteraturen. Enkle bøker på nynorsk, ikkje bare “feinschmeckere”. Gode historier på nynorsk, noko Maria Parr si “Tonje Glimmerdal” er eit godt døme på. Kanskje nynorsk litteratur har blitt for fin, for flink. Eg vil gjerne ha fleire terningkast 3 og G-karakter-forfattarar på nynorsk. Marit Kaldhol si ungdomsbok “Søkeord Ayotzintli” er ei fin bok, men ikkje for dyslektikarar. For mange nynorskforfattarar hadde S i norsk, medan nokre av bokmålsforfattarane kanskje hadde G, held forfattaren frå Tysnes fram.

Ho oppmoda representantane frå LNK-kommunane om å gå inn for at kommunane skal kjøpe inn bøker av gode nynorskforfattarar.

– Kvifor kjøper ikkje kommunane inn bøker av Maria Parr? Ho har fått mange prisar, men har selt rundt 10.000 bøker. Endre Lund Eriksen sine bøker om Pitbull-Terje sel 10.000 i løpet av eit par veker. Kvifor kan ikkje kommunane vere med og gjere ho større, spurde Røssland.

Ingelin Røssland debuterte med “Viss du vil” i 1998. Sidan har det kome fleire bøker frå hennar penn. Den siste er “Engleslakt” som er siste boka i trilogien om Engel Winge.

35-åringen er ikkje så opptatt av språk og målform i sin forfattarskap.

– Mitt mål når eg skriv, anten på bokmål eller nynorsk, er at lesaren ikkje skal tenke på språket. Berre gli gjennom. Viss nokon tatt bort nynorsken i morgon, hadde eg ikkje slutta å skrive. Skrivetrongen så sterk, fortalde ho.


NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Eit svik mot nynorskelevane 

Utdanningskomiteen har no lagt fram innstillinga si til ny opplæringslov. Trass i tydelege krav frå alle hald om at læringsressursar som er utvikla til...

Nynorsk-tap på Stortinget: – Ekstremt skuffande

Utdanningskomiteen på Stortinget har i dag sagt nei til å sikre nynorske læringsressursar som er laga for skulen. – Det er heilt uforståeleg at fleirtalet...

Skriv nynorsk på nynorskdagen 12. mai

– Vi utfordrar alle i Noreg til å skrive nynorsk i dag. Nynorsk er for alle, og på nynorskdagen er det lov å prøve,...

Tre millionar til nynorskbrukarane

Nynorsk kultursentrum får til saman tre millionar i eingangstilskot på revidert nasjonalbudsjett. – Dette er svært! Desse midlane skal vi bruke klokt i tett samarbeid...