Heim Nyhende Vil styrka kulturen i lokalsamfunn

Vil styrka kulturen i lokalsamfunn

Senterpartiet vil auka støtta til profesjonelle og semiprofesjonelle kulturmiljø utanfor sentrale strøk ved å flytta midlar frå Kulturrådet til fylkeskommunane, skriv Nationen.

Ifølgje Sp kulturpolitisk talsperson, Olov Grøtting, er målet er å desentralisera kulturlivet for å styrka kulturskular, fritidsklubbar og folkebibliotek i lokalsamfunn. For å få dette til vil forslaget innebera ei omfordeling av dagens kulturmidlar. Grøtting meiner forslaget vil styrka samarbeidet mellom profesjonelle og amatørar i kulturlivet.

I dag er dei statlege kulturmidlane ifølgje Grøtting urettferdig fordelt og viser til at mykje av dei regionale kulturmidlane sidan 2010 har landa i regionale sentrum mellom Stavanger og Trondheim. Så trass i at alle norske fylke har opplevd auke i kulturmidlar dei siste tre åra, er skilnadane framleis store.

Ingen god idé
Kulturpolitisk talsmann for Høgre, Olemic Thommesen, synest forslaget er ein dårlig idé og seier til Nationen at det vil innebera ei pulverisering av kulturmidlar, då midlane som i dag vert fordelt til mange kulturområde allereie er begrensa. Skal midlane fordelast på 19 fylke er det ikkje mykje kulturmidlar att å fordela.
Statssekretær Kjersti Stenseng (Ap) i Kulturdepartementet er heller ikkje samd i at ei desentralisering av kulturmidlar til fylka vil føra til ei meir rettferdig spreiing av kulturmidlar.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...