Heim Nyhende Lyrisk arena

Lyrisk arena

Nynorsk kultursentrum har fått ein million kroner over statsbudsjettet til å byggje opp Hauge-senteret i Ulvik. Noko Guro Ljone er glad for.

 

Kva er bakgrunnen for Hauge-senteret i Ulvik?

Olav H. Hauge-stiftinga har lenge arbeidd med eit forprosjekt som skal leggje grunnlaget for senteret. Forprosjektet, der eg har vore prosjektleiar, vart avslutta i juli i år.

Og så overtok Nynorsk kultursentrum i Ørsta?

Ja, i august i år inngjekk stiftinga ein samanslåingsavtale med Nynorsk kultursentrum som vil gjere Hauge-senteret til ei avdeling på lik line med Ivar Aasen-tunet. Dagleg leiar ved Hauge-senteret vil ha den daglege styringa med Hauge-senteret, med direktør i Nynorsk kultursentrum som sin næraste overordna. I forprosjektet er det planlagt fire stillingar ved Hauge-senteret, og det blir spanande å sjå kor mange me kjem i land med.

Kva blir rolla til Olav H. Hauge-stiftinga no?

Stiftinga vil framleis ha ein viktig funksjon ved å vere med på å sikre lokal forankring og eigarskap til senteret, og ho vil vere representert i fagrådet for Hauge-senteret.

De fekk ein million kroner over statsbudsjettet til å byggje opp Hauge-senteret. Korleis var det?

Det var svært gledeleg. No har me fått aksept for prosjektet heilt til topps i det politiske systemet. Det ser me på som eit viktig signal.

Kva senter skal dette bli?

Hauge-senteret skal vere ein stad for fordjuping i og formidling av Olav H. Hauge sin forfattarskap. Vidare skal senteret lyfte fram lyrikk som litterær sjanger, ut frå eit internasjonalt perspektiv. Senteret skal vere ein arena for nyskaping innan lyrikk, kunst og kultur. På senteret vil det vere utstillingar, bibliotek, film og dokumentasjon i mange format. Målet er at publikum skal vere deltakarar og ikkje berre tilskodarar. Det skal også leggjast til rette for at forskarar, forfattarar og omsetjarar kan ha arbeidsopphald på senteret, og det er planar om ein eigen gjestebustad.

Kvifor treng me eit slikt senter?

Sjangeren lyrikk kjem diverre ofte i skuggen av annan litteratur. Noreg treng ein arena som gjer lyrikk og poesi viktig, og me meiner at Olav H. Hauge er det beste utgangspunktet for å gjere det. Han er ein av våre mest respekterte diktarar, samstundes som han er ein av våre mest folkekjære diktarar.

Og no ventar de på midlar frå Hordaland fylkeskommune og Ulvik herad?

Ja, og me er optimistiske, statlege midlar bør løysast ut av lokale midlar. Ulvik herad har allereie medverka med ei investering på sju millionar kroner til ombygging av heradshuset, der Hauge-senteret skal etablerast, og me får fri husleige. Men det trengst meir til drift også.
 
Det er planar om litteraturhus i mange byar, t.d. Bergen. Snart står Garborgsenteret klart på Bryne. Kan det bli for mange av desse sentra?

Det er eit tankekors at «alle» skal ha litteraturhus. Samstundes opplever eg at det er ei stor interesse for litteratur i samtida vår. Jo meir stimulert ein vert, jo større vert nok interessa. Difor trur eg ikkje det er ein fare for at det vert for mange slike senter. Eit besøk på Garborgsenteret vil vonleg gi publikum lyst til å utforske fleire diktarar, som Olav H. Hauge.

Korleis bør litteraturorganisasjonane på Vestlandet samarbeide?

Dei bør ikkje vere redde for å gå kvarandre i næringa, men samarbeide breitt, slik som det til dømes er lagt opp til i prosjektet Diktarvegen. Dessutan er avstandane store på Vestlandet, og kjernepublikummet er det lokale, så ein må dyrke sitt eige særpreg.

Korleis kan senteret vere med på å skape ny interesse for nynorsk litteratur?

Nynorsken står sterkt i lyrikksjangeren. Der nynorsken elles kan vere under press, tykkjer mange at nynorsk kling fint som diktspråk. Hauge-senteret skal arbeide med lyrikk både på bokmål og nynorsk, men arbeidsspråket ved Hauge-senteret vil vere nynorsk. All den tid nynorsk og bokmål ikkje er jamstilte i praksis, vil Hauge-senteret arbeide for at nynorsk vert brukt på fleire arenaer.

AKTUELT

Bur: Ulvik i Hardanger

Aktuell: Er prosjektleiar i forprosjektet til Hauge-senteret

Språk: Nynorsk

Alder: 27

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...