Heim Nyhende Ikkje vinter lenger

Ikkje vinter lenger


Gol som vintersportsstad satsar ikkje på adrenalinkick og svarte alpinløyper, men meir på familievenlege aktivitetar i fjellet.

Tidlegare kunne Gol leve godt på turistar som overnatta i kommunen og reiste til naboen Hemsedal for å gå på ski.

– Vi lente oss nok litt tilbake ei tid og kvilte for mykje på denne innarbeidde ordninga, seier dagleg leiar Gro Hjelmen i Gol Reisemål.

Slik er det ikkje lenger. Hemsedal har satsa hardt på vintersport og kan huse turistane sine sjølve i langt større grad.

Mindre anlegg

Det betyr ikkje at ein ikkje kan drive vintersport i Gol lenger, men alpinanlegga her er mindre enn dei ein finn hjå naboane. På godt og vondt, for der ein hjå andre finn mange og krevjande løyper, slepp ein i Gol å vere redd for at ungane skal gå seg vill i heismylderet, seier reiselivssjefen. Og kommunen har 160 km langrennsløyper å skilte med, så vintertilbodet er der. Men Gol har valt å vende reiselivsblikket ut over vintersesongen, og Gro Hjelmen fortel at ein no i langt større grad vil marknadsføre seg som eit heilårs reisemål med fokus på familiar og mjukare utfordringar.

– Vi ønskjer mellom anna å leggje fjellet til rette for familiar. Til dømes ser vi for oss ein olabil–bane i staden for ein bob–bane, seier ho.

I denne banen skal ein ta heisen opp i fjellet og køyre olabil ned att. Prinsippet blir altså det same, men reisa blir noko annleis.

For alle

Hjelmen viser òg til eit nytt prosjekt, “Ein sti av lys”, der ein vil leggje til rette for opplyste turløyper som kan brukast av alle som vil ferdast til fots, til dømes folk med barnevogn, og rullestolbrukarar.

Ho seier det er viktig at folk kan ferdast trygt i fjellet og i sentrum både om dagen og om kvelden. Derfor blir det jobba med å få til fleire lysløyper, og mange har lagt ned mykje arbeid i skikkeleg merking i fjellet.

– Her har vi laga eit system som er slik at ein i alle løypekryss ein kjem til, vil finne eit tal og ein bokstav. Desse finn du òg att på kartet, og her vil du kunne lese av kor langt det er til neste kryss. Vi har dessutan fått til ei GPS-merking på karta våre, som Raudekrossen er spesielt fornøgde med.

Meir sommar

Gol er den ellevte største reiselivsdestinasjonen i Noreg og hadde 335 000 overnattingsdøgn i 2009. Nær ein tredel av desse er i sommarmånadane juni, juli og august. Aktiviteten har med andre ord gått monaleg ned om vinteren og auka kraftig om sommaren.

– Vi har jobba mykje med sommarprodukta våre, seier Hjelmen og syner til at mellom anna vandring i fjellet på hausten er blitt særs populært. Dette er eit tilbod til folk som treng rekreasjon og å kome vekk frå ein travel kvardag, meiner ho. Ho vil likevel minne om at kommunen har 250 km med vinterløyper å by på.

Førre artikkelGår for eigedomsskatt
Neste artikkelVil du bli politikar?

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...