Heim Nyhende Går for eigedomsskatt

Går for eigedomsskatt


Frå nyttår innfører Gol kommune, som første kommune i Hallingdal, eigedomsskatt over heile kommunen.

– Vi har tidlegare hatt eigedomsskatt i tettstaden Gol og på verk og bruk, men frå nyttår utvidar vi ordninga til heile kommunen, seier ordførar Olaug Grønset Granli (Ap).

Stram kommuneøkonomi og eit ønske om å ha midlar til å investere er to av grunnane til at kommunen no har valt å innføre eigedomsskatt, seier ordføraren. Mellom anna ønskjer kommunen å slå saman tre skular til eitt oppvekstsenter, og midlar frå eigedomsskatten skal brukast til denne investeringa. Inntektene frå eigedomsskatten skal derimot ikkje gå inn i den ordinære drifta, understrekar ordføraren.

Lite støy

Eigedomsskatt er eit heitt politisk tema, så også i Gol. Politikarane hadde saka til politisk handsaming i fjor, noko som førte til eit knapt fleirtal med 11 mot 10 stemmer.

Ordførar Granli hevdar innbyggjarane og hyttefolket i Gol forstod at dette var naudsynt, og meiner folk har forståing for at fellesskapen må yte sitt. Eigedomsskatt er òg vurdert i nabokommunen Nes, og der har det ifølgje Granli skapt meir debatt og støy enn det gjorde i Gol.

Den påtenkte samanslåinga av skular til eit senter for kunnskap, kultur og idrett, som skal finansierast av eigedomsskatten, er førebels på planstadiet. Gol har i dag to barneskular og ein ungdomsskule, som kommunen har vedteke å samle til ein skule. Tidlegare hadde kommunen også fleire grendeskular, men desse er nedlagde og husar i dag barnehagar. Ordføraren ser ikkje bort frå at barnehagane også kan verte sentraliserte ein gong i framtida. Å ha eit desentralisert tilbod kostar pengar, og i ei tid med strammare økonomi må ein vurdere om det er økonomisk forsvarleg.

– Er du ikkje redd de gjer Gol til ein mindre attraktiv kommune for tilflyttarar og innbyggjarar ved å innføre eigedomsskatt og sentralisere skular og barnehagar?

– Eg håpar ikkje at dette vil få store konsekvensar. Det er eit val vi har gjort, og vi har også prøvd å tenkje over og undersøke dette før vi vedtok det endeleg.

Storkommune

Saman med Ål, Hol, Nes, Flå og Hemsedal utgjer Gol Hallingdalen, og kommunane har eit felles regionråd. Sjølv om regionsamarbeidet fungerer bra, har spørsmålet om kommunesamanslåing kome sterkt på banen også her.

Regionrådet har via sitt samlingspunkt, Hallingtinget, blitt samde om å utgreie kva slags kommunemodell Hallingdalen kunne ønskje seg. Gol-ordføraren innser at det blir litt spesielt for kraftkommunane Hol og Ål, som sit med store kraftinntekter som truleg måtte leggjast i ein felles kommunekasse, viss regionen i framtida går over til å bli ein storkommune. Ho innser òg at ho, som ordførar i den kommunen som ligg plassert midt i regionen og derfor lett kan sjå seg sjølv som eit naturleg sentrum, kan mistenkast for å ha ein agenda. Likevel seier ho at ho personleg vil vere positiv til ei kommunesamanslåing viss det kan styrkje Hallingdalen.

– Regionsamarbeidet fungerer bra på alle nivå, og vi har mange interkommunale selskap i Hallingdalen. Men noko av lokaldemokratiet blir vaska ut med alle dei interkommunale selskapa, og eg trur sjølvstyret kan ta seg opp att viss vi blir éin kommune.

Grønset Granli meiner ein storkommune i Hallingdalen vil gjere det lettare å løyse utfordringar knytte til kompetanse, og at brukarane vil få eit betre tilbod generelt.

 

Høgre fryktar konsekvensane av at Gol, som einaste kommune i Hallingdal, no innfører eigedomsskatt.

Toyni Tobekk
toyni@norsk-plan.no

No er dei redde eigedomsskatten vil skape konkurransevanskar for reiselivsnæringa i Gol, men òg at heile kommunen skal bli stilt i eit negativt lys.

– Gol er ein kommune som allereie slit med å få etablert meir næringsliv, med slit med mindre etablering enn på lenge, seier Steinar Medhus i Gol Høgre.
Høgre stemte saman med Frp og Senterpartiet mot å innføre full eigedomsskatt då saka var oppe i Gol for eitt år sidan, men tapte avstemminga med 10 mot 11 stemmer.

Medhus er også kritisk til prosessen i forkant av avgjerda og meiner mellom anna at politikarane har fått alt for lite informasjon om kva konsekvensane av dette vedtaket vil bli, og kva kostnader det vil medføre for Gol, både i reine pengar og for omdømmet til kommunen.

Utgifter
– Eigedomsskatt er ikkje berre ei inntektskjelde. Det kostar å setje folk til å handtere eigedomsskatten, og vi får kostnader knytte til omtaksering av eigedommar.

 

I seinare tid har Medhus fått opplyst at eigedomsskatten heller ikkje kan opphevast før etter ti år, noko han meiner burde vore opplyst før politikarane bestemte seg.

 

Medhus vedgår at saka om eigedomsskatt ikkje har vekt store diskusjonar blant innbyggjarane, men trur dette mellom anna heng saman med at folk har fått for dårleg informasjon om kva eigedomsskatt inneber for kommunen og for innbyggjarane.

Kan snu
Saka er enno ikkje heilt avgjord, men skal sluttførast i handsaminga av budsjettet på eit kommunestyremøte før jul. Medhus meiner det enno er mogleg å snu, sjølv om partiet hans ikkje har kome opp med alternative inntektskjelder.

 

– Vi forstår at det er vanskeleg når fylkesmannen ikkje vil gje kommunen økonomisk hjelp i form av meir i rammeoverføringar før vi har tatt ut alle mulegheiter vi har. Dette minner om tvang frå den sitjande regjeringa av typen -”vil du ikkje så skal du” . Vi meiner det må finnast annan råd -det er ikkje alvorlege problem for budsjett 2011 – det er langtidsbudsjettet med dei investeringane som kjem i åra framover som tyngjer mest – og her finst det alternative løysningar, som allereie er kjent for administrasjon og det politiske miljøet.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...