Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken?
Er du i tillegg ein idérik, engasjert og kontaktskapande person med drivkraft til å motivera og begeistra lærarar og elevar i skulen når språk og kultur er på timeplanen?
Då bør du søkja den treårige prosjektstillinga som Nynorskkommunane (LNK) no lyser ut.
Får du stillinga er du sjølv med på å forma innhaldet til prosjektet, men me ser for oss at følgjande område vil vera viktige:
- Å møta elevar, foreldre, kommunar og skular for å setja fokus på språkarbeidet på ein positiv måte.
- Å halda fram utviklinga av og informera om eksisterande læringsressursar.
- Å utvikla arrangement og pedagogiske opplegg som formidlar språk, kultur og litteratur.
- Å arrangera pedagogiske kurs til i undervisning i skulen, med spesielt fokus på norsk- og samfunnsfagspedagogar.
- Å arrangera kurs for foreldre slik dei blir kjent med dei ressursar som er for å styrka kunnskapen om nynorsk – både som hovudmål og sidemål.
- Å invitera studentar til å vera med å halda kurs og elevmøte om kultur, språk og identitet.
- Å invitera studentar til å skriva oppgåver som kan vera med å setja fokus på opplæringsmål på Jæren, fakta og konsekvensar og korleis få fleire til å halda på målforma dei starta med i skulen.
Prosjektstillinga (100 prosent) går over tre år og arbeidsstaden blir på det nasjonale Garborgsenteret på Bryne. I tillegg får du med deg ei engasjert ressursgruppe som vil bistå deg i arbeidet.
Deg me leitar etter er engasjert og har lyst til å vera med i eit lærerikt miljø og få meir MÅL på Jæren.
Du likar å formidla og er god til å samarbeida, har gode allmennkunnskapar og arbeider sjølvstendig.
Utdanning og erfaring frå høgskule og/eller universitet er fint, men du treng ikkje vera ferdig studert. Har du erfaring som pedagog er det ein fordel, men ikkje noko krav. Har du arbeidd med journalistikk og/eller informasjonsarbeid er det fint.
Spørsmål om stillinga kan rettast til Svein Olav Langåker, dagleg leiar LNK Nynorskkommunane – mobil 94875365, e-post post@lnk.no og Einar Schibevaag – mobil 913 08 972, e-post einar@schibevaag.no
Søknadsfrist: Snarast og seinast 1. august.
Søknad med CV og gjerne nokre arbeidsprøver kan du senda til post@lnk.no.
Prosjektet «Meir mål på Jæren» har som mål å styrka nynorsken på Jæren og i Rogaland elles, og er eit samarbeid mellom Nynorskkommunane (LNK), Rogaland Mållag, Noregs Mållag, Nasjonalt Garborgsenter, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Nynorsk kultursentrum og kommunane Hå, Klepp og Time.
Du får dela kontorplass med dei fem medarbeidarane på Garborgsenteret – og du får òg åtte kollegaer i Nynorskkommunane som driv redaksjonane Framtida.no i Oslo og Framtida Junior på Stord.