Heim Nyhende Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?».

– Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både i løpet av sjølve dagen og no i etterkant. Vi hadde eit fantastisk fint publikum, gode innleiarar, smakfull mat i Røyst mat & vin og strålande sol på uteserveringa – kva meir kan ein ønskje seg? Vi laga ein språkkonferanse av nasjonalt kaliber, men på ein nedpå og jordnære måte som kler oss i Nynorskhuset godt. Det er spesielt kjekt å høyre at folk fekk med seg nokre nye tankar, fortel Heidi Hattestein, prosjektleiar på Nynorskhuset til LNK.no.

Programskapar Thomas Seltzer snakkar om KI – ein godhjarta gigahjerne eller destruktiv dødsstjerne? Foto: Cecilie Molander

Stor nynorskklynge

Nynorskhuset er ei stor klynge med rundt hundre tilsette og eit ganske så unikt sambuarskap mellom media og scenekunst, med nynorsken som omdreiningspunkt. Det gir akkurat passe mykje friksjon til å tenke nye tankar. På huset sit NRK Vestland, NRK Nynorsk mediesenter, Nynorsk Avissenter, Nynorsk Scenekunstsenter og Firda i lag med Teater Vestland.

– I ei tid der alle ropar høgare og lyttar mindre, ville vi slå eit slag for den gode samtalen. Vi ville lage ein underhaldande, inspirerande og tankevekkande dag med forskjellige inngangar til språk og offentleg ordskifte, med utgangspunkt i store og viktige samfunnstema som polarisering og ytringsrom. Og vi avslutta dagen med ein solid dose teater med stykket «Eg er Lucy Barton», fortel Heidi Hattestein.

Dagleg leiar i LNK og redaktør i Framtida Junior, Svein Olav B. Langåker oppsummerte kva barn og unge skriv om i dei kring 15000 tekstane som har blitt sendt inn til Framtida.no og Framtida Junior dei siste 15 åra. Foto: Cecilie Molander

Heldige

– Kva tid blir det ny språkkonferanse?

– No skal vi først lande og vurdere, så det må vi komme tilbake til. Følg med i kanalane våre! oppmodar ho.

Ordførar i Sunnfjord, Jenny Følling, er strålande nøgd med å få bruke ein dag til påfyll og refleksjon.

– Her har det vore mange tankevekkjande innlegg, seier ho til Nynorskhuset. Ho er full av lovord om programmet og arrangørane.

– Vi er heldige som har Nynorskhuset i Førde! Det betyr enormt mykje for å fremje det nynorske.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Krev like vilkår for nynorsk og bokmål i regjeringa si nye KI-satsing

Nynorsk bedriftsforum reagerer på at den nye nasjonale satsinga KI Norge berre er tilgjengeleg på bokmål ved lansering. KI Norge, som vart lansert 12. juni...

Kven er din kandidat til årets nynorskkommune?

Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026». Prisen er på 200  000 kroner og vert delt ut annakvart år til ein...

Fleirtal for krav til nynorske læringsressursar

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) har samla fleirtal for nynorskkrav til læringsressursar. No må kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og regjeringa innfri, slik at nynorskelevane...

Festivalfunn for dei nyfikne

Det finst alltid skattar å oppdage i eit godt festivalprogram, og Festspela byr på fleire freistingar for den nyfikne. Her er nokre utvalde festivalfunn...