Heim Nyhende Festivalfunn for dei nyfikne

Festivalfunn for dei nyfikne

Det finst alltid skattar å oppdage i eit godt festivalprogram, og Festspela byr på fleire freistingar for den nyfikne. Her er nokre utvalde festivalfunn som kan gi ny kunnskap, meir å tenkje på eller noko å le hjarteleg av.

– Vi veit at mange vel det dei kjenner frå før, seier programansvarleg Ida Karin Aarflot Kornberg i ei pressemelding.

– Samstundes rommar programmet opplevingar som kan overraske, dersom ein lèt seg sjølv prøve noko nytt.

Linda Eide kjem. Foto: Tore Zakariassen, NRK

Muffens

Torsdag kveld tek Linda Eide over Peisestova på Møre folkehøgskule med «Muffens i posen». Her brukar Eide alt ho har lært av fagfolk og lekfolk, og ho gyv laus på det fascinerande, fantastiske, herlege og ytst irriterande fenomenet som omgir oss tjuefire sju: språket!

– Stemninga i Peisestova på folkehøgskulen er heilt unik, seier Kornberg. – Og med Eide på scena får du både latter og lærdom på kjøpet.

Laurdagsprogrammet spenner frå det leikne til det ettertenksame. Midt på dagen fyller Jubelblues utescena i Aasentunet. Jubelblues er gøy for både små og store, og på konsertane kan alle delta. Seinare på ettermiddagen leiar Bjørn Vatne ein samtale mellom Brynjulf Jung Tjønn og Lars Petter Sveen. Temaet er lys og mørke i litteraturen til Jan Roar Leikvoll – ei av dei mest særmerkte røystene i nyare norsk litteratur.

Same kveld inviterer Store norske leksikon til festivalkviss om alt mellom himmel og jord. Her er alle velkomne, åleine eller saman med eige kvisslag. Ifølgje kvissmeister og forlagsredaktør i Store norske leksikon, Erik Bolstad, kjem ein langt med allmennkunnskap, men truleg lengre om ein les seg opp på snl.no sine 190 000 leksikonartiklar.

Tone Slenes og Ida Karin Aarflot Kornberg. Foto: Nynorsk kultursentrum

Innsikt og oppleving

Søndag held fram i det same spennet mellom innsikt og oppleving. I samtalen «Språk som premiss for demokrati» møter vi professor i rettshistorie, Jørn Øyrehagen Sunde, innsikt- og analysesjef i språkrådet, Lars Ivar Nordal og direktør i Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik. Dei vil mellom anna samtale om kva rolle språk spelar i eit demokrati. Panelsamtalen blir leia av Astrid Sverresdotter Dypvik.

Seinare samlar Festspela til Ivar Aasen-stemne, eit folkemøte i ei liknande form som ein hadde i tunet på Aasen si tid. Forfattar Tore Renberg held årets stemnetale, medan Camilla Granlien Band held konsert med «Kjærleik, liv og død» – eit musikalsk møte med nyskrivne melodiar og dei sterke og tidlause tekstane til Loms-diktaren Tor Jonsson.

– Søndagen opplever vi alltid som ei god avslutning på fire livlege festivaldagar, seier museumsleiar Tone Slenes. – Ivar Aasen-stemnet gir rom for å lande, reflektere og sjå nye samanhengar, avsluttar ho.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...