Heim Nyhende Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs.

Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert bedne om å lesa språkbruksplanen Øygarden kommune og litt minigrammatikk på nettsida til Språkrådet. Dersom andre kommunar ønskjer å nytta kurset, kan dei fjerna det som handlar om språkbruksplanen til Øygarden kommune.

Etter nokre korte lesesekvensar løyser du som kursdeltakar oppgåver. Svara på oppgåvene kan du sjekka undervegs. Det vil ta om lag 60 – 80 minutt å gjennomføra kurset. Ingen andre enn du sjølv får kjennskap til kva du har svart på oppgåvene. Svara vert lagra etter kvart, og kurset kan dermed gjennomførast i fleire etappar.

Dei som er tilsette i ein kommune eller fylkeskommune nyttar «Eigenpåmelding» og loggar på med ID-porten.

Kurset er gjennomgått av konsulent i Språkrådet.

Slik går du fram

Dersom ein kommune ønskjer å nytta dette kurset, gå inn på språkkurset i KS. Send melding til kursansvarleg i Øygarden kommune. Kommunen får i retur ein kopi (duplikat) av kurset.

Opplys om dette når du sender melding til kursansvarleg i Øygarden kommune:

– kva kurs det gjeld (Meir enn bokstavar)

– kva kommune som ønskjer kopi av kurset

– avsendar (person)

– kven skal vera kursansvarleg.

Kursansvarleg må også vera superbrukar i KS Læring.

Sjå rettleiing på KS Læring her!

Når kommunen har motteke kurset, er det mogleg å endra innhaldet. I dette tilfellet gjeld det særleg oppgåva «Overordna språkreglar og språknormer i Øygarden». Desse er naturlegvis tilpassa for tilsette i Øygarden kommune. Det er likevel slik at mange av desse reglane og normene er felles for nynorskkommunane.

Figurane er bygde på logoen og den grafiske profilen til Øygarden kommune og kan byttast ut eller fjernast.

Lukke til!

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...