Heim Nyhende Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland får Dialektprisen 2023

Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland får Dialektprisen 2023

Prisen går kvart år til eit dialektføredøme for ungdom, og blir delt ut av landsstyret i Norsk Målungdom. Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland får prisen for sin mangeårige føredømelege bruk av dialekt og nynorsk.

Prisen vart delt ut i Operaen sundag kveld, til stor overrasking for prismottakarane.

– Glade i dialekta vår

– Det er veldig lenge sidan eg har fått ein pris, det var artig! Folkemusikken heng heilt i saman med dialekt. Så tenkjer eg at det er viktig å skrive nynorsk når ein fyrst er nynorskbrukar, seier Odd Nordstoga.

– Det er flott at det blir lagt merke til at me er veldig glade i dialekta vår. Det er veldig viktig for oss at me er ekte og genuine i musikken vår, så om me ikkje hadde sunge på dialekta vår hadde det vore litt rart. Då hadde det ikkje vore så truverdig rett og slett, seier Ingebjørg Bratland.

Viktige føredøme for ungdom

– Heilt sidan Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland slapp sitt fyrste album i lag i 2013, har dei aktivt brukt både nynorsk og dialekter i arbeidet sitt på ein framifrå måte. Både i lag og kvar for seg er dei viktige dialektføredøme for ungdom, og med sitt framifrå telemål syner dei at dialekt er kult, også på Austlandet. Det fortener ein dialektpris, seier leiar i Norsk Målungdom, Tobias Eikeland.

Han legg til:

– Song er ein framifrå berar av språk og dialekt. Både barn, unge og vaksne høyrer på songane til Odd og Ingebjørg, og prisvinnarane er med det svært gode representantar for dialektbruk.

Prisvinnarane

Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland er ein musikkduo frå Vinje i Telemark. Begge har solide solistkarrierer bak seg, og har bakgrunn frå folkemusikksjangeren.

Som duo debuterte dei som med albumet «Heimafrå» i 2013, som dei vart tildelt Spellemannsprisen for i kategorien tradisjonsmusikk. No er dei på nytt aktuelle med albumet og turneen «Langt heimafrå».

Prisen

Dialektprisen blei utdelt for første gong i 2001, og vert delt ut kvart år av landsstyret i Norsk Målungdom.

Det er den einaste språkprisen som vert delt ut av språkengasjerte ungdomar, noko som også bidreg til at han er ein av dei mest prestisjetunge. Blant tidlegare prisvinnarar finn vi namn som Karsten Warholm, Therese Johaug og Victor Sotberg.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...