Heim LNK Kurstilbod for skular og barnehagar

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland & Fretland AS i Lærdal.
Jan Olav Fretland, dosent emeritus ved Høgskulen på Vestlandet, har det faglege ansvaret.

«På tavle og på skjerm»

Målgruppa her er lærarar i nynorsk- og språkdelte klassar, og kurset tek føre seg både nynorsk rettskriving og effektive metodar for å lære bort nynorsk til andre.

Dette kurset har 5–6 kortare samlingar, og blir som regel heilt eller delvis gjennomført digitalt.

For å tinga kurs, ta kontakt med jostein(a)fretland-fretland.no.

Medlemskommunar har rett på eitt gratiskurs i året. Kommunar med meir enn 25 000 innbyggjarar har rett på to gratiskurs i året. Ikkje betalande medlemer har rett til å vera med på kursa til betalande medlemer, dersom det er ledig plass.

Kurs for skuleklassar

I samarbeid med Framtida Junior, Magasinett og Framtida.no tilbyr LNK fleire kurs tilpassa elevar frå mellomtrinnet og til og med vidaregåande skule. Debattkurs, bokbadar- og bokmeldingskurs, journalistkurs og skrivekurs er noko av det me tilbyr.

Så langt har over 3000 elevar blitt kurs, og tilbakemeldingane er veldig gode. Fleire av kursa er støtta av Utdanningsdirektoratet eller andre støttegjevarar, og er då gratis for påmelde klassar.

Interessert? Ta kontakt med svein @ framtida.no!

Pirion-kurs: Kurs i formidling av nynorsk barnelitteratur

Pirion, kulturavisa for alle som jobbar med barn, tilbyr digitale og fysiske kurs i samarbeid med LNK. Desse er retta mot lærarar i småskulen og tilsette i barnehagar. Dei digitale kursa er gratis og er lagt opp slik at det kan gjennomførast i økter på ein time i samband med personalmøte.

Janne Karin Støylen kursar barnehagar og barneskular i å formidla dei gode barnebøkene på nynorsk.

Er du interessert i å tinga Pirion-kurs? Ta kontakt med pirion @ pirion. no!

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Frieriet i Todalen – kva skjer med Vangsgutane no?

Vi har intervjua tekstforfattar Kjartan Helleve om dei siste hendingane rundt teikneseriefigurane Vangsgutane, som kom fram i siste utgåva om dei ved juletider. Faste...

Gratis nettseminar: Korleis kan me hindra språkbyte i vidaregåande skule?

Torsdag 23. mars arrangerer Nynorsksenteret eit gratis nettseminar om korleis ein kan hindra at elevar skiftar frå nynorsk til bokmål. Molde vidaregåande har teke nokre...

Inviterer til å tolke Dolly og Johnny på nynorsk eller dialekt

Dolly Parton og Johnny Cash på nynorsk eller dialekt. No blir ein ny gjendiktingskonkurranse kunngjort. Inspirert av suksessen med å be om slike tolkingar av...

Fleirtal for nynorsk i Telemarkskommune

Etter ei rådgivande folkerøysting i Hjartdal går eit fleirtal inn for å behalde nynorsk som hovudmål på offentleg skule i kommunen. Nynorsk fekk 189 stemmer,...