Heim Nyhende Lågaste nynorskdel i statsbudsjettet i moderne tid

Lågaste nynorskdel i statsbudsjettet i moderne tid

Nynorskinstitusjonane får mindre del av kulturbudsjettkaka enn før.

– Det er synd at nynorskdelen av kulturkronene er mindre. Ambisjonane for nynorsk i 2023 burde vore like store som dei samla ambisjonane for kulturfeltet, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

På botnnivå

Nynorskdelen av kulturbudsjettet har vore redusert over tid, og er i dette kulturbudsjettet på sitt lågaste i moderne tid. Dei fleste kulturinstitusjonar har i framlegget til statsbudsjett fått ei auke på cirka 2,9 prosent.

Nynorskinstitusjonane heng etter, og har berre fått ei auke på 2,4 prosent.

Ingen nye tiltak

– Det er ingen nye nynorsktiltak i statsbudsjettet. Stortinget bør sørge for tiltak som sikrar ordbøker, digital tilgang til nynorsk og meir nynorsk til barn og ungdom, seier direktøren i Nynorsk kultursentrum.

– Stortinget har store høve til å syne at dei prioriterer nynorsk høgare i både kunnskaps- og kulturbudsjetta, seier Sandsmark.

Same nivå for Nynorsk kultursentrum

Løyvingane til Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur er føreslege ført vidare på om lag same reelle nivå.

– For ei årleg løyving på 24 millionar kroner får Noreg kulturtilbod på nynorsk i over 100 kommunar, ny forsking om nynorsk skriftkultur og tiltak som sikrar at den nynorske kulturarven vert teke vare på for framtida, seier Sandsmark. Nynorsk kultursentrum har fast verksemd ved Haugesenteret i Ulvik, Vinjesenteret i Vinje og Aasentunet i Ørsta.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Nynorsk teaterjubel i raudgrøn budsjettsemje

– Alle som er glade i nynorsk scenekunst, kan sende ein varm tanke og ei hjarteleg takk til Audun Lysbakken og SV. Det seier leiar...

Ny lærebok vil vise at nynorskopplæring er moderne

Lærarstudentar og norsklærarar som strevar med nynorsk får gjennom ei ny bok høve til å styrkje nynorskkompetansen sin. – Boka er sett saman av ulike...

Vel nynorsk for barnet ditt!

Er du ein av dei mange tusen føresette som veit at dette er siste året i barnehage, og neste haust er det skulestart? Kanskje...

Det nynorske næringslivet foreinar kreftene

Den nye medlemsorganisasjonen Nynorsk bedriftsforum skal vere eit landsdekkande nettverk av og for nynorskbedrifter. Målet er å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene, slik...