Heim Nyhende Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

Dagleg leiar i LNK, Svein Olav Brandtzæg Langåker. Foto: Magne Langåker

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre gigantar med å lovfesta krav til at skriveprogram i skulen skal støtta nynorsk, seier dagleg leiar i Nynorskkommunane (LNK), Svein Olav B. Langåker.

Frå hausten av, når den nye opplæringslova blir innført, blir det eit krav om at alle skriveprogram som blir brukte i skulen skal støtta både nynorsk og bokmål. Ifølgje ei undersøking LNK har gjennomført, er det i dag mange skular som bruker skriveprogram som vil bli ulovlege å bruka dersom ikkje produsentane sjølv gjer endringar slik at programma følgjer offisiell rettskriving for både nynorsk og bokmål.

I dag kan fleire som skal bruker Google dokumenter og andre skriveprogram oppleva at dei får raude strekar under korrekt nynorsk og ingen feil der ein skriv feil.

Lovar å følgja lova

Sondre Ronander, kommunikasjonssjef for Google i Noreg og Finland, lovar no at tenestene til Google vil følgja lova.

– Våre tenester kjem til å oppfylla krava frå ny opplæringslov før skulestart, skriv han til LNK i ein e-post.

Lang kamp

Nesten éin av fire grunnskular bruker i dag mest Google sitt skriveprogram til skulearbeid. Mange skular og kommunar har vore usikre på om dei skulle byta til andre skriveprogram for å følgja lova.

108 ordførarar skreiv i 2021 eit brev til Google der dei bad om at mykje brukte program i skulen kom på nynorsk. Og gjennom fleire år har LNK og nynorskrørsla elles tatt til orde for å få inn eit krav om støtte for nynorsk i skriveprogram som er brukte i skulen.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...