Heim Innspel Stortingsvalet må bli eit språkval

Stortingsvalet må bli eit språkval

Når dei politiske partia no meislar ut politikken dei skal gå til val på må dei hugse på nynorsken.

Det må bli like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar i Noreg. Difor må partia ha offensive ambisjonar for språkpolitikken. Noregs Mållag har desse fem krava til dei ulike partiprogramma:

1. Nynorsk og bokmål skal vere jamstilte språk i Noreg – også i Grunnlova.

Utgangspunktet for den norske jamstillingspolitikken er at dei to norske språka bokmål og nynorsk er jamstilte. Det bør Grunnlova reflektere. Ei grunnlovfesting vil gje den formelle likestillinga mellom bokmål og nynorsk ein sterkare og tydelegare rettsleg status. Det vil vere viktig særleg for nynorsken, som det minste av dei to norske skriftspråka.

2. Hald på og løft sidemålsordninga

Sidemålsordninga er ryggrada i å sikre nynorskbrukarane sine språklege rettar. Obligatorisk skriftleg opplæring i begge skriftspråk på ungdomsskulen og vidaregåande skule er viktig. Eleven sin kunnskap i sidemålet må vurderast, både på ungdomsskulen og i studieførebuande vidaregåande opplæring. Denne kompetansen må også synleggjerast på vitnemålet.

3. Nynorskbrukarane må få bruke språket sitt på internett

Digitalisering og språkteknologi blir stadig ein større del av liva våre. Det meste kan styrast frå telefonen, tenester er digitale, kommunikasjonen med kommunen skjer gjennom samtalerobotar, lys og varme i heimen kan fjernstyrast frå ein app. Mindretalsulempene nynorskbrukarane møter, blir forsterka. Utviklinga går så fort at det er vanskeleg å henge med i svingane, og språkperspektivet blir gløymt. Styresmaktene må sørgje for at teknologien tek omsyn til den norske språksituasjonen, mellom anna gjennom krav i offentlege innkjøp.

Den nye opplæringslova er ikkje god nok for lærarane og nynorskelevane, sjølv om det er bra at skriveprogram frå hausten av må finnast på både bokmål og nynorsk. Den nye opplæringslova opprettheld eit kunstig skilje mellom «læremiddel» og «læringsressursar». Produsentane utnyttar dette smottholet i lova og lagar produkt som ikkje har nynorskversjon. Situasjonen i nynorskklasseromma er så alvorleg at utan endringar i Stortinget vil den nye opplæringslova føre til svært ulike læringsvilkår mellom nynorsk- og bokmålselevane.

4. Lærarutdanningane må sikre gode nynorsklærarar

Norskkunnskapar til lærarane er avgjerande for god norskundervisning. Dei ulike lærar- og lektorutdanningane må sikre at framtidige lærarar har god nok kompetanse i nynorsk. Denne kompetansen må stå på vitnemålet. Alle lærarar må få tilbod om kurs og etterutdanning i nynorsk. Barnehagelærarutdanninga må gjere barnehagelærarane i stand til å førebu borna på å verte nynorskelevar. Borna må få møte og utvikle språket sitt i barnehagen. Språkstimulering på bokmål er noko anna enn språkstimulering på nynorsk, det tek ikkje dagens rammeplan høgd for. Barnehagelærar- og lærarutdanningane må sørgje for kompetente lærarar som lèt alle ungar møte nynorsk frå barnehagen og ut heile skuleløpet.

5. Eit løft for nynorsk kultur

Den nynorske litteraturen er stor og rik, og det kjem stadig til nye gode nynorske forfattarar. Dette er eit teikn på ein livskraftig skriftkultur. Det er viktig at breidda i denne er tilgjengeleg i heile Noreg. Då krevst det stønadsordningar, lov og løyving over statsbudsjettet som tek omsyn til at nynorsk er eit mindre brukt språk enn bokmål.

Peder Lofnes Hauge
Leiar i Noregs Mållag

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Oslo kommune har to nynorskelevar i grunnskulen – får 11 millionar til språkdelte klassar på ungdomstrinnet

Mållaget er fortvila over at pengane til å sikra nynorskelevar i randsonene vert fordelt på alle kommunar. Saka vart først publisert på Framtida.no. Om foreldra til...