Heim Innspel Tale til landstinget: – Det er ikkje noko mindre enn ein skandale

Tale til landstinget: – Det er ikkje noko mindre enn ein skandale

Under her kan du lesa talen som statssekretær Trude Storheim i Kultur- og likestillingsdepartementet heldt på landstinget til LNK i Øygarden 3. juni.

Det er stas å vera blant så mange kommunefolk. Eg har i mange år vore knytt til Voss kommune. Eg er no statens representant, utan at eg hadde sett det for meg for eit halvt år sidan. Så pass på! Plutseleg er det ein av dykk som må vera statens sendebod til nynorskkommunane.

Som nynorskbrukar er du van med å vera underdog. Dette gjeld også som statssekretær. Bokmålsveldet skyller over ein. Me som brukar nynorsk, tek det ikkje som sjølvsagt å bruke eller møte språket vårt. Sjølv om nynorsk og bokmål er formelt likestilte språk, er vilkåra for å bruke språka heilt ulike. Det er ikkje nokon som har bestemt at det skal vera slik, men det gjeld å forstå at det er slik det er.

Eit språk som er lite, gjer at det blir det markant og «avvikande frå normalen» — berre fordi det er lite, ikkje fordi det er rart i seg sjølv.

Små språk er også vanskelegare å læra. Ikkje fordi små språk automatisk har rar rettskriving og vanskelege ord, men fordi me sjeldan ser det i Donald-blad, i avisene og på TikTok.

Brukarar av små språk er i tillegg automatisk tospråklege, så det kostar oss lite å gå over til det større språket. Djevelen ligg altså ikkje i detaljane, men i kjøtvekta.

Temaet i dag er korleis kan staten fremja nynorsk dei neste fire åra?

Eg skal svara og bli med i samtalen etterpå. Men fyrst vil eg gjerne at me hevar blikket.

Sjølv om me er i ein nynorsk samanheng på dette landstinget, vil eg gjerne seia at det overordna viktige med språklova er at norsk for fyrste gong får formell status som «nasjonalt hovudspråk», som det står i § 4. Samisk har lenge hatt ein formell status i norsk lov, men det fekk altså norsk språk fyrst i 2022 – med språklova. At det no er lovfesta, er ei erkjenning av at norsk er under press. og at det ikkje er sjølvsagt at det er det som mest brukt i alle sektorar. Dette er nytt for bokmålet, men ikkje for nynorsk.

Språklova slår fast at norsk må sikrast i bruk.

Korfor er dette viktig? Jau, for at demokratiet skal vera det me vil, er det veldig aktuelt å tenka på at dei styrande og dei styrte snakkar same språk, og at ekspertar og vanleg folk også gjer det.

Truleg har eit lite, men sterkt språk noko for seg i møte med truslar mot ytringsfridom og desinformasjon. Truleg blir våre velferdstjenester betre når dei skjer på norsk. Truleg forstår me betre kva som skjer med samfunnet når det står i norskspråklege høyringsnotat i staden for i engelskspråklege forordningar. Truleg har me lyst til å ikkje vera eit historielaust folk utan band til våre gamle institusjonar, vår gamle skrifter og tradisjonar. Me er dei einaste på kloden som tek vare på akkurat norsk.

Språkova seier at offentlege organ skal bruka norsk, og at alle samfunnssektorar har ansvar for dette. Under dette formålet skal offentlege organ også særleg fremja nynorsk. Her peikar lova definitivt på staten. Men det er samtidig slik at lova, utan å seia det, peikar meir på Voss enn på Moss i denne samanhengen. LNK og dei enkelte kommunane har og tek derfor eit stort ansvar når dei forvaltar den nynorske språkarven i politikk, som skuleeigar og som administrasjon. Eg er sikker på at de av og til må kompromissa. Slik er kvardagen. Nynorskkommunar lever ikkje i ei språkleg boble.

Men det er viktig for meg å understreka at legitimiteten til krava i språklova om å fremja nynorsk ikkje kan oppretthaldast utan at nynorskkommunane vil at nynorsk skal fremjast. Det var kommunane som fyrst tok i bruk nynorsk, og det er kommunale vedtak som styrer delar av språklova. De må derfor både stilla krav til dykk sjølve og definitivt til staten.

I 2021 stilte 108 nynorskordførarar skikkelege krav. Dei skreiv i 2021 eit brev til Google der dei bad om at mykje brukte program i skulen kom på nynorsk. Gjennom fleire år har LNK og nynorskrørsla i kjempa for at skriveprogram som er brukte i skulen, kjem på nynorsk.

Dette svarte regjeringa på i 2024 ved å endre opplæringlova § 15-4 om at «Skolen skal bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk, og som følgjer offisiell rettskriving.» Altså stilte staten opp med lovverket for at dette kunne skje.

Me ser no at mange kommunar har kjøpt inn stavekontrollar i den tru at at dei som leverer stavekontrollar forheld seg til at kunden vil ha stavekontrollar som kan stava. Stava rett, må eg presisera. Det kan dei ikkje, har Språkrådet dokumentert – og det er ikkje noko mindre enn ein skandale.

I ei tid der lese- og skriveferdigheitene blant unge går ned, er det ille å tenka på at uskuldige elevar i nynorske klasserom får feil på ting dei skriv rett og rett på ting dei skriv feil. Ein kan berre tenka seg kor håplaust det er å vera dyslektikar i denne samanhengen. Her er det ingen tvil om at teknologigigantane har levert slurvete produkt, til skade for brukarane. Det er eit klokkeklart eksempel på at teknologigigantane bidreg direkte negativt til samfunnsutviklinga.

Eg kan ikkje fordra å argumentere for språket mitt, det er nesten som å stå der å kopa og argumentera for sin eigen eksistens. Og korleis kan ein argumentera for den?

Dette er ikkje mine ord, men Jon Fosse sine. Det er lett å kjenna seg att i det han seier. Det er ikkje alle som kler å stå med lua i handa. Eg trur at me likevel må jobba etter ein annan strategi enn å ikkje argumentera. Nynorsken er her. Han er alle nordmenns historiske språkarv, også noko dei som ikkje likar han, har fått. Han representerer kollektive interesser for folket og landet, som nokre meiner står i mot individuelle omsyn. Slik er det omtrent med alle interesser. Interesser må vegast mot kvarandre, og ein må lage ordningar med verkemiddel som fungerer.

Eg er derfor glad for at LNK samordnar og legg opp til samtale om nynorsk på tvers av politiske skiljelinjer. Det er uansett inspirerande å ha litt ulike utgangspunkt om noko som alle vil oppnå.

Takk for meg!

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Strategi for Nynorskkommunane (LNK) 2025-2029

Landstinget vedtok ny strategi for Landssamanslutninga av nynorskkommunar – LNK. Strategien bygger på prinsipprogrammet til LNK: • LNK skal leggja til rette for at medlemene kan vera...

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...