Kvinner stod for nesten halvparten av publikasjonspoenga ved Høgskolen i Bergen i 2009. Premien er Likestillingsprisen på 2 millionar kroner.
Det er fjerde gong Kunnskapsdepartementet deler ut Likestillingsprisen. Komité for kjønnsbalanse i forsking (Kif- komiteen) har vurdert og innstilt årets prisvinnar.
Høgskulen har brukt fleire millionar kroner på likestillingstiltak, noko som blant anna har resultert i at delen med kvinnelege førsteamanuensar har auka frå 37,7 prosent til 51,5 prosent dei siste tre åra. (©NPK)