Heim Nyhende Nytt nettleksikon

Nytt nettleksikon

Anne Marit Godal frå Leser søker bok blir leiar for det nye nettleksikonet Norsk nettleksikon.

Norsk nettleksikon er ein nyoppretta organisasjon, men sjølve leksikonet skal byggje på databasen til Store Norske Leksikon, Store medisinske leksikon og Norsk biografisk leksikon. Store Norske la ned arbeidet i 2010 på grunn av manglande finansiering.

– Store Norske har overdratt databasen sin til oss gratis, og leksikonet deira som ligg på nett, blir liggande, seier Anne Marit Godal. Ho er oppteken av å ta vare på dei 200 000 vekentlege brukarane leksikonet har i dag slik at ein ikkje mister desse. I praksis vil heller ikkje brukarane av dagens leksikon oppleve nokon pluseleg revolusjon av leksikonet frå ein dag til ein annan, meir ei langsam og gradvis tilnærming til det nye Norsk nettleksikon, seier Godal.

31,5 millionar

Organiseringa og finansieringa er derimot ny. Staben og styret er nye. og midlar til å drive kjem frå Fritt Ord, Sparebankstiftelsen DNB Nor og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Til saman har desse gått inn med 31,5 millionar kroner, og det gir prosjektet drygt 10 millionar årleg i tre år å jobbe med. I tillegg sit Det Norske Videnskaps-Akademi, universiteta og Nasjonalbiblioteket i styret.

Fagleg

Store Norske Leksikon har operert med 40 fagansvarlege og 300 skribentar. Godal trur Norsk Nettleksikon vil organisere arbeidet noko annleis, men understrekar samstundes at det nok vil vere skilnad på korleis dette leksikonet vil jobbe i motsetnad til konkurrenten Wikipedia.

– Wikipedia er 100 % brukarstyrte, medan vi kjem til å ha ein fagstab.

Norsk nettleksikon sin database er på bokmål. Korleis ser Godal på tilbodet til nynorskbrukarane?

– Eg vil ta kontakt med styret i det nynorske Allkunne for å sjå korleis dei to leksikona kan utfylle kvarandre, seier den Anne Marit Godal, som tar til i den nye jobben 1. april i år.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...