Heim Nyhende Luftige planar på Voss

Luftige planar på Voss

Viss alt går etter planen, opnar Noregs første vindtunnel på Voss våren 2012.

Initiativtakar og prosjektleiar Thomas Hårklau forklarar ein vindtunnel som eit digert vifteanlegg som bles så mykje luft oppover at folk faktisk kan flyte på lufta. I det militære har det vore vanleg å bruke slike vindtunnelar til å trene soldatar i fritt fall, medan vindtunnelen på Voss i første rekkje skal vere for oppleving og aktivitet.

Først i Norden

– Vindtunnelen vår er ein type som sender lufta rundt og rundt i sirklar. Han bruker same lufta om igjen fleire gonger og er av den energieffektive typen, forklarar Hårklau. – Dette blir den første resirkulerande vindtunnelen i Norden.

Det er mange fordelar med ein vindtunnel, seier initiativtakaren:

– Du treng ikkje ha forkunnskap om korleis du bruker han. Det vil ta dei fleste 2-3 minutt frå dei prøver første gong, til dei meistrar det.

Vindtunnelen kan brukast av folk i alle aldrar, og nedre vektgrense for dei som vil sveve, er på om lag 13 kilo.

Lang veg fram

Ideen om å få ein vindtunnel har levd ei stund på Voss. Eit aktivt fallskjermmiljø har ønskt seg ein slik lenge, og første gong gründeren Hårklau byrja å involvere seg, var i 2005.

– Eg vart nysgjerrig, seier han. – Kunne det vere økonomisk berande?

Enno gjekk det to år før prosjektet vart til noko meir handfast enn planar og ønske. Då fekk Voss seg eit destinasjonsselskap, og i det laget var det investorar som var interesserte i å vere med. På den tida var det både eit ønske om ein vindtunnel og ein marknad for han, seier Hårklau. No er finansieringa på 52,5 millionar kroner på plass, og bygginga kan ta til så snart vinteren slepp taket. Prosjektet har eit eigedomsselskap og eit driftsselskap, og tanken er at det skal vere sju tilsette i drift når vindtunnelen opnar.

Frå Tyskland

– Vi har fått god støtte frå kommunen, Innovasjon Noreg og ikkje minst lokale bankar som har strekt seg langt, seier Hårklau. Alle investorane som er inne i selskapet, deriblant Stein Erik Hagen sitt selskap Canica, er norske. Alt spesialutstyret til vindtunnelen skal hentast frå Tyskland. Sjølve bygginga er det lokale leverandørar som står for, og Hårklau reknar med at ho vil utgjere 50 prosent av investeringa.

– Dette er det første store prosjektet for destinasjonsselskapet, og det er eit utruleg viktig prosjekt, seier Thomas Hårklau.

Førre artikkelWikipedia 10 år
Neste artikkelNytt nettleksikon

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...