Heim Nyhende Lys i alle gamle hus

Lys i alle gamle hus

Laurdag 19. februar blir det ei markering av at det no er liv i alle husa på Tusenårsstaden i Fjaler. Blant anna i Klokkargarden, som er Jakob Sande sin fødestad.

– Vi har teke eit spontant initiativ til ei markering av at no skjer det mykje i husa på Tusenårsstaden her i Fjaler: i det gamle kommunehuset, skulehuset og folkebadet og på Klokkargarden som er Jakob Sandes fødestad der du finn den ombygde løa, våningshuset og Bestefarsstaua. Nokre av husa har vore i bruk lenge, nokre rom er heilt nye og nokre er ikkje så ofte i bruk, seier Margrete Reisæter i Jakob Sande-selskapet i ei pressemelding.  

Førstkomande laurdag blir det lys og aktivitet i alle hus og rom. Her blir det også program både for liten og stor.

I det gamle kommunehuset held dei tre kunstnarane; Karina Siegmund, Anne Lise Stenseth og David Zadig til. Dei vil alle ha opne studio, i  “Studio Nova” vil det også vere kafe, film, poesi og musikk. I skulehuset vert det utstilling og i Badet internasjonal kafe ved volontørane, bokbyte og lan.

– Jakob Sande-selskapet har invitert fleire til å vere med, det vert verkstad for born som kan lage sin eiga jekt i miniformat og islendingen Steingrimur Eyfjord skal syne kunst og Iren Kleiven sel kort og anna, fortel Reisæter. 

Det er kulturkontoret og Frivilligsentralen som saman med kunstanarane og Jakob Sande-selskapet står bak arrangementet.  

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...