Heim Nyhende Skulle flytte 6.000 arbeidsplassar – har greidd 85

Skulle flytte 6.000 arbeidsplassar – har greidd 85

Senterpartiet er eit stykke unna å oppfylle valløftet om å flytte 6.000 statlege arbeidsplassar ut av Oslo. Etter fem år i regjering er resultatet 85, skriv Bergens Tidende.

– Vi aktar å setje hardt mot hardt for å få Arbeidarpartiet med på ein storstilt flyttesjau. 6.000 statlege arbeidsplassar skal ut av Oslo på fire år, sa dåverande nestleiar i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, til Bergens Tidende i juni 2005.

For å kome til 85 arbeidsplassar har Bergens Tidende teke med eit statleg investeringsselskap, eit kompetansesenter for distriktsutvikling, Norsk Villreinsenter og dei to generalinspektørane for hæren og sjøforsvaret. Også politihøgskulen i Stavern vert telt med, i tillegg til dei 22 arbeidsplassane i Statens bygningstekniske etat, som skal flyttast til Gjøvik.

Flyttinga av Veterinærhøgskolen til Ås er ikkje med fordi det er ein del av Stor-Oslo. Arbeidsplassar som er flytta som resultat av omorganisering i Forsvaret eller i det regionale helseføretaket er heller ikkje med.

Sps nestleiar Trygve Slagsvold Vedum medgir at målet om 6.000 utflytta arbeidsplassar langt frå er nådd.

– Men det fekk vi jo heller ikkje gjennomslag for i Soria Moria. Vi har konstant fokus på dette, men det er krevjande å få til utflytting, fordi det er veldig mange ulike interesser i slike saker, seier han.

Som arbeids- og administrasjonsminister i 2001–04 flytta Høgres Victor Norman sju tilsyn med til saman 900 tilsette ut av hovudstaden. (©NPK)

Førre artikkelLys i alle gamle hus
Neste artikkel– SmiO er for alle

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...