Heim Nyhende - SmiO er for alle

– SmiO er for alle

Me er stolte av mangfaldet i laget, og ynskjer framheva at både i det noverande og førre styret har me medlem som studerer på BI og røystar Høgre, skriv leiar i SmiO, Tina N. Fauskanger, i eit lesarbrev til Universitas.

Bakgrunnen for lesarbrevet er kritikken som tidlegare kom frå Kristian Lødemel. Han meinte Studentmållaget i Oslo (SmiO) var med på å halde mytane om at ein nynorskbrukar var
«vegetarianar, homofil, medlem av SU, NU, feminist og EU-motstandar».

– Som leiar kan eg ikkje seia imot at SmiO har representantar frå alle desse «grupperingane», men eg tykkjer Lødemel viser eit for snevert bilete av SmiO slik det er i dag.  I SmiO har me plass til alle, skriv Fauskanger i Universitas.

Ho legg også vekt på at ein ikkje treng forsvare andre mindretalsstandpunkt for å skrive eller arbeide for nynorsk. Fleire av medlemene våre skriv bokmål, men dei vert ikkje mindre medlem av den grunn.

– At det gjerne er dei på venstresida i politikken som støttar nynorsk, heng saman med dei historiskpolitiske linjene i Noreg. Målrørsla, fråhaldspolitikk og forsvar av religiøse verdiar var ein del av bygdesamfunna sin opposisjon mot dei sentrale byområda på slutten av 1800-talet. At me i SmiO framstår som forsvararar av fleire politiske standpunkt, om dei er mindretals- eller fleirtalsstandpunkt, heng òg saman med at dei som fyrst er engasjert i éin organisasjon, gjerne er engasjert i fleire. Men me skal vera forsiktige med å gå ut over mandatet vårt og (mis)bruka organisasjonen til andre kampsaker, skriv Tina N. Fauskanger.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...