Heim Nyhende Jublar for teatermillionar, saknar heilskapleg nynorskløft

Jublar for teatermillionar, saknar heilskapleg nynorskløft

– Kulturminister Lubna Jaffery (Ap) fortener skryt for å auke løyvingane til Det Norske Teatret. Det vil gje meir nynorsk teatermagi i åra som kjem.

Det seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Han er glad for teatermillionane, og ei lita løyving til Kulturrådet, men saknar eit heilskapleg nynorskløft i statsbudsjettet.

– Om vi skal nå dei språkpolitiske måla Stortinget har vedteke, trengst det eit solid løft i løyvingane til effektive nynorsktiltak. Noregs Mållag, Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum bidreg alle til å oppfylle offisiell norsk språkpolitikk og treng meir pengar, seier Peder Lofnes Hauge i ei pressemelding.

Reknar med nynorskpakke frå SV

Når Arbeidarpartiet og Senterpartiet no skal sikre fleirtal for budsjettet sitt, har mållagsleiaren store forventingar til SV.

– Når heilskapen manglar frå regjeringa, må SV styrkje nynorskprofilen i statsbudsjettet. Alle nynorskorganisasjonane har sagt at auka løyving til Noregs Mållag er førsteprioritet. Det må SV merke seg, seier Peder Lofnes Hauge.

På vegner av nynorskopplæringa ynskjer han seg auka løyvingar til læremiddel.

– SV skal omprioritere fleire milliardar. For relativt små summar kan SV sikre nynorske læremiddel i grunnskulen, høgare utdanning og vaksenopplæringa. Det er avgjerande for kvaliteten på opplæringa. Målrørsla stolar på SV no, seier Peder Lofnes Hauge.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...