Heim Innspel På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak.

Det er eit skrikande behov for læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar. Det viser ei  undersøking me Nynorskkommunane – LNK har gjort blant dei 85 medlemskommunane våre.

Det er ni år sidan sist det vart løyvt midlar til dette over statsbudsjettet. Me har ein offisiell norsk språkpolitikk og ei språklov som seier at det offentlege har eit særskilt ansvar for å fremja nynorsk på alle samfunnsområde. På dette feltet har nynorsk vore nedprioritert for lenge, og det er på høg tid å gjera noko med det.

Barn og foreldre lærer forskjellige skriftspråk

I mange kommunar er det slik at vaksne innvandrarar lærer bokmål i vaksenopplæringa, medan borna deira lærer nynorsk på skulen. Det er opplagt at det ikkje bidreg til god språkopplæring at dei lærer ulike språk og ikkje kan dra nytte av kvarandre i innlæringa.

Språk og integrering heng tett saman. Det er ein stor fordel å læra språket som blir brukt der du bur, og mange stader er det å læra nynorsk i vaksenopplæringa også ein enklare inngang til det lokale talemålet. Forsking viser at innvandrarar som brukar det lokale språket vert meir positivt mottekne både i lokalmiljøet og til dømes i jobbintervju.

Godt integreringstiltak

Den siste rapporten frå IMDi om korleis det står til med integreringa i Noreg peikar på at fleire blir buande i kommunen dei fyrst vert busette i. Då er det særleg viktig å leggja til rette for at kommunane kan ta imot vaksne innvandrarar med det språket dei skal møta i den nye kvardagen sin og ruste dei til framtidig arbeid i kommunen.

Når me ser på kommunane som tilbyr nynorsk i vaksenopplæringa, så viser tal frå SSB i 2020 at eit snitt på 62 prosent av innvandrarane i desse kommunane hadde fått seg jobb eller tok utdanning eitt år etter fullført introduksjonsprogram. Det er 12 prosentpoeng meir enn snittet for kommunane.

Ekstra krevjande

Det er framleis mange nynorskkommunar som ikkje tilbyr nynorsk i vaksenopplæringa, og det er særleg læremiddelsituasjonen som blir trekt fram som årsak til det. Når det ikkje blir løyvt midlar til læremiddel på nynorsk, blir det krevjande å driva opplæring på nynorsk. Marknaden er for liten til at forlaga gjer dette sjølv, og Opplæringslova og kravet til parallellutgåver gjeld ikkje i vaksenopplæringa.

Det skjer mange endringar på feltet no med både nye læreplanar og overgang til modulbasert opplæring. Det gjer det endå viktigare at det vert blir utvikla nye læremiddel no, og då må det koma midlar til det.

Etterslepet er allereie enormt, og ein kan ikkje la det bli større.

LES OGSÅ: Fleire innvandrarar blir buande i kommunar som gjev opplæring i nynorsk

Illustrasjonsfoto: Svein Olav B. Langåker

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...