Heim Nyhende Ny undersøking: Stort behov for læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Ny undersøking: Stort behov for læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

– Det blir som å velja mellom ein Lada og ein Mercedes, seier rektor ved vaksenopplæringa på Stord, Steinar Rosset. Heller ikkje til neste år blir det løyvd pengar til fleire nynorske læremiddel, ifølgje regjeringa.

54 av 55 vaksenopplæringar i nynorskområde meiner tilgangen til nynorske læremiddel bør bli betre. Det viser ei undersøking utført av Framtida.no og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

– Eg starta i 2016. Det har skjedd ei positiv utvikling sidan då, men enno manglar det eit godt læreverk på nynorsk frå det lågaste til høgaste nivået, seier rektor Steinar Rosset ved vaksenopplæringa på Stord.

– Har kome ein lang veg

Mali Åm er inspektør og avdelingsleiar ved vaksenopplæringa i Ulstein kommune.

Mali Åm er inspektør og avdelingsleiar ved vaksenopplæringa i Ulstein kommune, og har dei siste åra fått støtte frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (tidlegare Kompetanse Noreg) for å vera ein ressursperson for nynorsk i vaksenopplæringa. Ho fortel at det har skjedd mykje frå 2010.

Gjennom Kompetanse Noreg stilte styresmaktene krav til både nynorsk og bokmål då dei lyste ut midlar til utvikling av læreverk for alfabetisering og B2-nivå.

I 2015 kom det første læreverk på B2 både på nynorsk og bokmål. Og i 2019 kom det to nye læreverk for alfabetiseringsdeltakarane.

Endeleg er det tilbod om nynorske læreverk heilt frå analfabete nybyrjarar til det høgaste nivået (B2-nivå).

– No har me ei ganske god breidde, seier Mali Åm, men legg til:

– Samanliknar ein med bokmål så har dei enormt mange fleire tilbod å velja mellom. Men det finst læreverk til å kunne undervisa. Me har kome ein lang ve

Trong for fleire digitale ressursar

På spørsmål om kva vaksenopplæringane saknar, så er det mange som svarar digitale læremiddel, ordbøker og tilleggsmateriale.

– Me ser at det kjem gode ressursar som me kunne tenkt oss å bruka, men når me spør om dei finst på nynorsk, så får me beskjed om at det ikkje finst pengar til å utvikla dei på nynorsk. I tillegg er det mangelfullt innan grammatikk, fortel Steinar Rosset.

– Me treng digitale ordlister. Dei burde koma på fleire språk og med fleire ord, seier Mali Åm. Dette er eit behov vi deler med framandspråklege i grunnskule og vidaregåande.

Steinar Rosset er rektor ved vaksenopplæringa på Stord. Foto: Svein Olav B. Langåker

Krev meir midlar til omsetjing

I grunnskulen og vidaregåande er det eit krav til at alle læremiddel kjem på både nynorsk og bokmål til same tid og same pris. Dette kravet gjeld ikkje for introduksjonsprogrammet for innvandrarar.

Steinar Rosset seier at nynorskkommunane er heilt avhengige av at Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse kjem med meir midlar til læremiddel på nynorsk. Han samanliknar det med forskjellen på å køyra ein Lada og Mercedes, der Lada symboliserer nynorsk og Mercedes bokmål.

– Du kjem deg fram til målet, men det er meir utfordrande å ha opplæring på nynorsk. Det finst fleire moglegheiter til å supplera opplæringa med gode ressursar på bokmål enn på nynorsk.

Ingen planar om særskilt løyving

Siste gong staten kom med ei eiga løyving til nynorske læremiddel for innvandrarar var i 2016. Siste utbetaling var i 2019.

Støre-regjeringa har ikkje planar om å koma med nye midlar til neste år:

– Det er ikkje lagt opp til ei særskild prioritering til dette i 2022, skriv statssekretær Nancy Herz i Arbeids- og sosialdepartementet i ein epost til Framtida.no.

Statssekretær Nancy Herz i Arbeids- og sosialdepartementet. Arkivfoto: Elise Løvereide, Framtida.no

Ho legg til:

– Regjeringa ønskjer å fremja likestilling mellom bokmål og nynorsk gjennom den nye språklova. Det er den einskilde kommunen som vel om kva målform den vil gi opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Det er også opp til den einskilde kommunen å velja kva slags læremiddel den ønskjer å bruka. Departementet skal ikkje godkjenna val av målform eller type læremiddel til bruk i kommunen.

Det er Kompetanse Noreg som har løyvd midlar til nynorske læremiddel før, innanfor sitt eige budsjett.

– Intensjonen vår var å lysa ut midlar i 2021, men på grunn av budsjettsituasjonen var det ikkje mogleg å lysa ut midlar i år. 2021 var eit veldig spesielt år på grunn av korona og innføring av ny læreplan, fortel Yngvild Ziener Nilsen, seksjonsleiar, seksjon for læreplan ved Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Dei har i år brukt midlar på kompetansepakkar ved innføringa av ny læreplan. Ingen av desse pakkane er utvikla på nynorsk.

HK-dir vil omsetja nokre av kompetansepakkane til nynorsk i 2022.

Gode grunnar til å undervisa på nynorsk

Undersøkinga til Framtida.no og LNK viser at dei av kommunane som underviser på nynorsk er litt meir positive til læremiddelsituasjonen på nynorsk, sjølv om det også blant dei er eit fleirtal som synest situasjonen er «både òg» eller «ganske dårleg».

Steinar Rosset seier det er gode grunnar for å undervisa på nynorsk i nynorskkommunane.

– Me veit at det er lettare for foreldre å få undervising på nynorsk når dei skal følgja opp sine eigne ungar som har nynorsk på skulen. Det er eit viktig argument. Og me opplever at det kan ha gode resultat på integreringa i kommunen, gjennom at deltakarane lettare forstår og uttrykker dialekta i den kommunen dei bur i.

Ifølgje undersøkinga til Framtida.no og LNK, viser det seg at fleire innvandrarar blir buande i kommunar som gjev opplæring på nynorsk.

Saw Ngrein Zan (28) trur det er lettare å bli buande på Stord, sidan ho lærer nynorsk i vaksenopplæringa. Foto: Svein Olav B. Langåker

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...