Heim Nyhende – Må styrke utdanninga

– Må styrke utdanninga

Styret i LNK meiner det er spesielt viktig å styrke den nynorske kompetansen i høgare utdanning.

Styret har no sendt høyringsfråsegn om revisjon av nynorskrettskrivinga.

– Spesielt er styret i LNK oppteken av at elevar som tek sikte på høgskule – og universitetsutdanning skal ha ein grunnleggjande kompetanse i det nynorske skriftspråket frå vidaregåande skule, heiter det i høyringssvaret.

LNK legg også vekt på at det i profesjonsutdanninga for lærarar må vere eit absolutt krav til kompetanse i både bokmål og nynorsk.

– Styret meiner ein revisjon slik Språkrådet skisserer han, kan gjere det lettare å oppfylle kompetansekrav og hindre den overgangen til bokmål som oppstår fordi nynorsk rettskriving blir opplevd som vanskeleg, skriv LNK.

Styret i LNK har også lagt fram nokre konkrete meiningar om dei språklege endringane rettskrivingsnemnda har lagt fram. Blant anna stør dei framlegget om -leg og ikkje -lig, endeleg, ikkje endelig, dei aksepterer valfri j i verb som leggje/legge og søkje/søke, medan dei er skeptiske til å tillate dykk som subjektform og jamstilt med de.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...