Heim Nyhende – Ein del valfridom er teneleg

– Ein del valfridom er teneleg

Noregs Mållag meiner ein del valfridom i den nye rettskrivinga er teneleg.

Noregs Mållag har no kome med høyringssvar om ny nynorsk rettskriving.  Sidan det er for knapp tid til å behandle innstillinga til ny rettskriving på landsmøtet som går av stabelen i Suldal 8 – 10 april, har styret vurdert innstillinga opp mot det siste rettskrivingsvedtaket organisasjonen har gjort.

Blant anna kom det fram på landsmøtet i Stavanger at normeringa må gå ut frå dialektane og nynorsken slik den er i dag, og at ein del valfridom er teneleg.

– Landsmøtet i Noregs Mållag meinte det var teneleg å halde på ein del av valfridommen. Dette oppfyller den nye rettskrivinga i nokon grad. Nemnda har valt å jamstelle former der det finst fleire som er mykje i bruk. Samstundes fjernar dei ein del «signalord» som er like på bokmål og nynorsk. Me ser at dette reduserer valfridommen og vil gjere nynorsken enkel å kjenne att, men vil likevel åtvare mot å nytte enkeltord til å gjennomføre symbolpolitikk, heiter det i høyringssvaret.

Her slår også styret i Noregs Mållag fast at nynorsk er eit sjølvstendig skriftmål, og må nomerast på sjølvstendig grunnlag, og at den nynorske tradisjonen har ein eigenverdi. Dei meiner også det er positivt at inkonsekvensar og lite brukte former vert fjerna, og at det er på tide å fjerne skiljet mellom hovudformer og sideformer.

Les høyringssvaret her.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...