Hôl i vegen eller is som heng ned frå tunneltaket – no kan du varsle den digitale tenesta FiksGataMi. Du treng ikkje tenkje på kven som har ansvaret for å rydde opp, du skal berre melde frå.
FiksGataMi er adoptert frå det engelske FixMyStreet og er ei teneste innbyggjarane i alle kommunar i landet kan bruke. I tillegg til å rapportere problem du støyter på i lokalmiljøet, kan du følgje med på saka di eller på kor mange saker som blir meldt inn og kor mange som faktisk blir løyste.
Teknologien til FiksGataMi står Unix-foreningen Nuug (Norwegian Unix User Group) for, og dei bruker ei rekkje open kjelde-programvare til denne tenesta. Friprogsenteret og Departementenes Servicesenter støttar utviklinga av prosjektet som er eit delvis lønna, delvis dugnads-basert prosjekt.
Kjelde: Computerworld