Heim Nyhende Rammsund gir seg

Rammsund gir seg

Etter sju år gir bandet Rammsund seg no.

 

 

Etter sju år med nynorskifisering av Rammstein seier gutane i Rammsund takk for seg, skriv Studvest.no.

– Det heile har gått langt betre enn me håpa på. Me har nådd toppen no, så det er ikkje vits i å dra det lenger. Me skulle ha det morosamt, men no var det i ferd med å bli for seriøst. Det var ikkje eit mål å ende opp som til dømes Postgirobygget, som har gitt ut fleire skiver, men framleis hovudsakeleg spelar låtar frå debutskiva Melis, seier vokalist Geir «Gråbein» Nordby til studentavisa.

Det vart heilt naturleg for bandet å bruke nynorsk.

– Fyrst prøvde me å oversetje til bokmål, men det fungerte ikkje. Med nynorsk klarte me derimot å halde på det harde uttrykket frå tysk. Det heile vert meir teatralsk.

– Det er synd at dei no legg opp. Dei er heilt klart ein av dei kule artistane som syng på nynorsk, og dei rettar opp ein del av det negative ryktet til målforma, seier leiar i Studentmållaget i Bergen, Odin Hørthe Omdal.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...