Heim Nyhende KS: – Unngå tvang i busetjinga av flyktningar

KS: – Unngå tvang i busetjinga av flyktningar

Noreg bør ikkje bruka tvang for å busetja flyktningar. Det kan føra til større konfliktar og dårlegare integrering, meiner KS.

 I forslaget til ny busetjingsmodell for flyktningar, som blei sendt ut på høyring i slutten av januar, føreslår departementet at fylkesmannen får ein tilvisingsrett overfor kommunane. KS, interesseorganisasjonen for kommunane, meiner dette er feil veg å gå.

– Det er fare for at ein slik modell vil auke konfliktnivået lokalt og dermed svekkja integreringsarbeidet, heiter det i uttalen frå KS.

Organisasjonen meiner elles det trengst fleire tiltak for å korta ned tida flyktningane må venta før dei får ein stad å bu. Ikkje minst meiner KS at saksbehandlinga i staten frå det er vedteke at flyktningane får opphaldsløyve til busetjingvedtaka blir fatta, må gå raskare.

I snitt tek denne prosessen i dag 3,4 månader. KS meiner målet må vera at ventetida blir korta ned til ein månad. Organisasjonen føreslår vidare at det blir oppretta ei form for økonomisk påskjøning for kommunar som er flinke til å ta imot flyktningar.

KS meiner mange kommunar også kan bli flinkare til å skaffa bustad for flyktningar raskare. For å letta dette arbeidet er KS open for å ta ei meir aktiv rolle – helst i eit samarbeid med Husbanken, heiter det i brevet frå KS.

Med betre rammevilkår meiner KS at det bør vera mogleg å få til frivillige avtalar der kommunane pliktar å ta imot talet på flyktningar dei har sagt ja til innan ein akseptabel frist eller oppmoding frå departementet. (NPK)

Førre artikkelEi sky av bøker
Neste artikkelRammsund gir seg

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...