Sogn og Fjordane SV føreslår å lovfeste innvandrarar sin rett til læremiddel på nynorsk.
Partiet viser til at mange innvandrarar får problem med å forstå dialekta der dei bur når dei lærer bokmål og at dette også kan gjere det vanskeleg for innvandrarforeldre å hjelpe barna sine med skulearbeidet. No ber dei om at opplæringslova krev at læremiddel for vaksne innvandrarar skal koma på både nynorsk og bokmål til same tid og same pris. Forslaget blir fremma på SV sitt landsmøte i helga.