Tidlegare Gåte-vokalist Gunnhild Sundli skal spele på utescena på Aasentunet under Dei nynorske festspela 23. – 26. juni.
Etter at folkrockbandet Gåte ble oppløyst har Sundli arbeidd som skodespelar ved Trøndelag Teater, fortel Aasentunet på sine nettsider. I tillegg har ho arbeidd med nye musikalske prosjekt i nært samarbed med felespelaren Andreas Ljones, kjent frå Frikar og Majorstuen.
Musikken til Sundli ber framleis preg av hennar musikalske bakgrunn innan folkemusikk, men kjem nå i ei mjukare og meir akustisk form enn i Gåte. Sundli har med seg Andreas Ljones på feler og elektronikk, Rune Tylden på keyboard, Endre Hareide på bass og Kenneth Ekornes på trommer og perkusjon til festspela.
Heile festspelprogrammet blir lansert i april. Programansvarleg for Dei nynorske festspela, Åshild Widerøe, fortel på nettsidene at det i løpet av fire dagar skal vere meir enn 40 arrangement i Volda og Ørsta.
Frå før er det kjent at Sigrid Moldestad kjem til Festspela, og at forfattaren Bjørn Sortland frå Bømlo i Sunnhordland blir festspeldiktar. Sortland er den attande forfattaren som får denne æra. Sortland har gitt ut om lag 40 bøker, dei fleste for barn og unge, men han skriv også bøker for vaksne.