Wegard Harsvik (43) vil som nyvald rådsordførar fokusere på oppfølginga av språkmeldinga, og han gler seg også til å vere med og realisere språkåret 2013.
Like før jul blei dåverande rådsordførar Morten Søberg utnemnd til statssekretær i Finansdepartementet. Han sa då straks frå seg vervet i Nynorsk kultursentrum.
Den nye rådsordføraren har alt vore statssekretær i to departement. Harsvik skal leie rådet i Nynorsk Kultursentrum i 2011 og 2012.
– Eg har sterke kjensler for nynorsken, og det arbeidet Nynorsk kultursentrum gjer, er svært viktig. Med rådet i ryggen vil eg gjerne setje meir trykk på oppfølginga av den viktige språkmeldinga. Språkåret 2013 er eit stort og viktig prosjekt eg gler meg til å vere med og realisere, seier Harsvik i ei pressemelding.
22 stiftarar står bak Nynorsk kultursentrum; mellom andre Møre og Romsdal fylkeskommune, Universitet i Tromsø, Det Norske Samlaget og Noregs Mållag.
Stiftinga eig og driv Ivar Aasen-tunet i Ørsta og Olav H. Hauge-senteret i Ulvik som er under etablering. Stiftinga gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt. Høgdepunktet er Dei nynorske festspela i Ivar Aasen-tunet i slutten av juni, ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen.
Like før jul vedtok Ulvik herad å bli ny medstiftar. Bakgrunnen er at Nynorsk kultursentrum no har ansvaret for å utvikle og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.
Wegard Harsvik (43) er cand.mag. med sosialøkonomi, sosiologi og historie i fagkrinsen. Som gymnasiast var han med og skipa lokallag av Norsk Målungdom i Fauske, og han har vore leiar i Sosialdemokratisk Studentforbund. Han har lenge vore aktiv i Arbeidarpartiet og har møtt som vararepresentant i Stortinget.
Harsvik var politisk rådgivar i Kunnskapsdepartementet (2000–2001), statssekretær i Sosial- og helsedepartementet (2005–2007) og i Kultur- og kyrkjedepartementet (2007–2009). I 2004 gav han saman med Stein Moen ut boka ”Eit nytt nei”. No arbeider han i Fagforbundet, og i rådet for Nynorsk kultursentrum representerer han Noregs Mållag.